Samanføyingsteknikkar i tre - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Samanføyingsteknikkar i tre

I trearbeid må du kunne setje saman ulike delar. Her blir du kjend med enkle samanføyingsteknikkar som liming, spikring og skruing, og med handverksteknikkar som plugging, kryssfelling, fingerskøyt, sinking og tapping.

I filmen under viser Knut Ivar Sørheim ulike samanføyings- og handverksteknikkar.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Lim og spikar

Å bruke trelim og spikar er den enklaste måten å samanføye tre på. Ved bruk av spikar er det viktig å felle ned spikarhovudet, slik at han ikkje stikk opp frå overflata.

Skruing

Det er lurt å forbore, slik at treet ikkje sprekk når du skal skru i enden av ein planke. For å søkke skruehovudet kan du bruke drill. I filmen under lærer du korleis du kan bruke ein batteridrill til å setje inn skruar og til å bore.

Instruksjonsfilm for bruk av batteridrill. Video: Martin Aune Walther / CC BY-NC-SA 4.0

Plugging

Du kan bruke open gjennomgåande eller skjult plugg saman med trelim. Synlege pluggar kan brukast dekorativt.

Kryssfelling

Ved kryssfelling senkar du den eine planken i den andre ved å felle inn spor.

Fingerskøyt

I ein fingerskøyt freser eller sagar du ut "fingrar" som passar i kvarandre, i enden av begge trestykka. Påfør lim før stykka blir pressa saman. Animasjonen under viser korleis skøyten fungerer.

Video: Kjell Brørs / CC BY-SA 4.0

Sinking

Sinking er ei form for fingerskøyt. Det er ei sterk samanføying du kan bruke når du skal setje heiltre saman i vinkel. Sambandet held trevirket stabilt. I filmen under demonstrerer Kjetil Sømoe korleis du kan lage gjennomgåande sinking med handverktøy.

Video: Kjetil Sømoe v. Høgskolen på Vestlandet. / CC BY-NC-SA 4.0

Gjennomsink

Gjennomsink blir brukt til å setje saman skrog til skap eller liknande. Samanføyinga er synleg på begge sider og fungerer òg som dekorativt element.

Svalehale

Når tappane i samanføyinga har skrå sider, liknar forma på halen til ein svale. Teknikken blir derfor også kalla svalehale.

Fordekt sink

Fordekt sink blir brukt i skuffer og skapskrog der sinken er usynleg frå utsida. Den blir òg kalla skjult sink.

Tapping

Når vi skal lime saman to trestykke, der treet har ulik retning, kan vi bruke ein tapp for å gjere samanføyinga solid. I filmen under viser Kjetil Sømoe korleis du kan lage tappsambinding med handverktøy.

Video: Kjetil Sømoe v. Høgskolen på Vestlandet. / CC BY-NC-SA 4.0
Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2024