Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Karveskurd

Karveskurd er ein treskjeringsteknikk med geometrisk dekor. Start med rette linjer, gjerne ei stjerne, slik Knut Ivar Sørheim viser i filmen. Øv deg på å skjere motivet ned i det flate treet. Etterpå kan du gå vidare med svinga former og å la dekoren bli ein del av eit produkt.

Karveskurd

Treskurd er kunsten å skjere figurar og ornament i tre. Karveskurd er utskjering av geometriske figurar som vi kan teikne ved hjelp av passar og linjal.

Verktøy

Du treng berre to treskjerarjern: v-jern (òg kalla geisfuss) og skråjern. Det går òg an å bruke kniv. Men pass på at du har skarpt verktøy.

Material

Bruk tettvakse og kvistfritt material. Bjørk eignar seg godt til treskjering.

Nærbilete av geometrisk mønster skore ut i tre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Utforsking

Finn ut korleis karveskurd har vorte brukt i ulike kulturar. Lag eit moodboard med døme på ulik dekor og bruksområde.

Treskrin med geometrisk dekor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Moodboard visualiserer idéar. Saman med tankekart og notat kan dei gjere idéen din tydelegare.

Del 2: Utprøving

Hugs at du må øve for å få ein teknikk inn i fingrane. Målet for utprøvingane er å lære handverket.

Dekor ved hjelp av rette linjer

  1. Teikn kvadrat i same storleik og lag enkel dekor inni dei ved hjelp av rette linjer. Prøv ut fleire ulike dekorforslag. Du kan lage mange ulike mønster ved hjelp av diagonalar og delelinjer.
  2. Vel ein dekor du vil skjere ut. Du kan starte med same dekor som blir vist i filmen, dersom du ønskjer det.
  3. Bruk blåpapir til å overføre teikninga til trevirket du vil bruke. Alternativt kan du kopiere dekoren til eit kalkerpapir. Følg linjene med ein blaut blyant på baksida av arket. Då kan du overføre teikninga ved å leggje dekoren oppå treflata og teikne på nytt med ein spiss blyant. Den blaute blyantstreken smittar då over på treet.
  4. Øv deg på å bruke v-jernet til konturane og skråjernet til nedskjeringane i mønsteret, slik det blir vist i filmen. Pass på at du kontrollerer krafta, slik at ikkje verktøyet glir ut.

Dekor ved hjelp av svinga linjer

  1. Teikn sirklar og lag ein enkel dekor inni dei ved hjelp av ein passar.
  2. Overfør den sirkelen du vil skjere ut til treverket, og øv på å skjere ut svinga linjer.

Lag dekor der du kombinerer bruk av rette og svinga linjer

Ta med deg erfaringane frå del 1 og 2. Lag nye geometriske mønster ved hjelp av linjal og passar. Vel ut eit mønster du vil skjere ut i tre.

Sirkelforma treplate med geometrisk mønster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: La karveskurd bli dekor på ein bruksgjenstand

Karveskurden er enkel, men dekorativ. Den kan brukast både på mindre og større gjenstandar. No skal du bruke erfaringane frå utprøvinga og lage ein bruksgjenstand med karveskurd som dekor.

  1. Lag skisser til korleis du kan plassere karveskurd på ein bruksgjenstand.
  2. Vel eit produkt du vil lage. Planlegg kva slags verktøy og materiale du vil bruke, og teikn ei arbeidsteikning.
  3. Lag produktet.

Del 4: Eigenvurdering

  • Kva erfaringar har du gjort i arbeidet med karveskurd, og korleis har læreprosessen din vore?
  • Vurder det estetiske uttrykket du har skapt ved hjelp av karveskurd. Korleis synest du dekoren fungerer på produktet ditt?

Innlevering

  • skisser og dekorforslag
  • utprøvingar
  • arbeidsteikning
  • eit ferdig produkt med karveskurd som dekor
  • eigenvurdering

Relatert innhald

Karveskurd er ein treskjeringsteknikk med geometrisk dekor. Her får du ei innføring i teknikken.

Funksjon kan forklarast med bruksmåte. Formen på ein gjenstand viser korleis funksjon og uttrykk heng saman. Utsjånad og bruksmåte er ikkje tilfeldig.



CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2020

Læringsressursar

Teknikkar i trearbeid