Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag din eigen turkopp

Lag ein turkopp med eit personleg preg. Du skal forme han ut frå eit trestykke, gjerne ei rirkule. Koppen skal vere god å halde og drikke frå, samtidig som han skal vere fin å sjå på. Teikn skisser og planlegg forma før du byrjar å skjere ho ut. Du kan bruke kolrosing som dekorteknikk.

Materiale

Rirkule

Ei rirkule, også kalla kåte, er ein utvekst på trestammen. Vedfibrane i rirkuler er vridde og slyngde om kvarandre. Veden får ein hard og vakker struktur som eignar seg godt til treskjering.

Hugs at tre tilhøyrer grunneigaren. Dersom du vil skjere rirkuler av friske tre, må du ha løyve frå grunneigaren.

Bjørk er eit hardt materiale som ikkje gir smak eller lukt. Dette treverket eignar seg godt til å lage drikkebeger av.

Idéutvikling

Fotografi av trekopp med kaffi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ta utgangspunkt i materialet og tenk form og funksjon:

Korleis kan du gi koppen eit godt grep og gjere han god å drikke av? Skal han kunne festast på ein tursekk? Korleis vil du i så fall løyse dette?

  1. Lag skisser til ulike løysingsforslag.

  2. Jobb vidare med korleis du kan gi koppen eit personleg preg.

  3. Vel den beste løysinga og lag ei arbeidsteikning.

Fotografi av ein trekopp med granskotsuppe.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teknikk

Teknikkane Terje Harstad viser når han lagar ei ølhøne, kan overførast til arbeidet med ein trekopp. Start med å skjere ut hovudforma før du jobbar vidare med å hole ut.

Tenk at koppen skal ha balanse, slik at han står stødig på eit underlag. Prøv gjerne å snurre han slik Ove Stødle gjer i den første filmen.

Kolrosing

Kolrosing blir brukt til å lage dekor på gjenstandar av tre, bein eller horn. Motivet blir rissa inn med kniv. Etterpå blir det smurt på eit fargestoff som festar seg i dei innrissa strekane, slik at mønsteret kjem tydeleg fram.

Fotografi av trekopp med inngravert ornamentikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du kan bruke dekorteknikken til å gi koppen din eit personleg preg:

  1. Puss overflata du vil dekorere, med fint sandpapir, og overfør dekoren med blyant.

  2. Riss dekor inn i gjenstanden med ein knivspiss utan å fjerne tre frå overflata. Skjer med ei jamn rørsle slik at du får eit stødig kutt på ca. 1 mm. Pass på å halde kniven mest mogleg loddrett når du skjer.

  3. Visk bort restar etter blyanten.

  4. Smør på eit fargestoff i dei innrissa strekane, slik at mønsteret kjem tydeleg fram. Du kan bruke raspa furubork, som gir ein mørkebrun, jamn strek. Bland borkpulveret med litt olje, slik at du får ein farga pasta. Gni pastaen over spora som er rissa i overflata. Pass på at du får presset fargestoff inn i heile mønsteret.

  5. Tørk bort fargestoffet som blir til overs.

  6. Puss med fint sandpapir til det berre er igjen farge i kutta du har skore.

  7. Set gjenstanden inn med olje.

Vurdering

Vurder handverket du har utført:

  • Korleis har du jobba med ulike teknikkar?

  • Fungerer turkoppen slik du hadde tenkt?

  • Kva synest du om det estetiske uttrykket?

  • Korleis har du gitt koppen eit personleg preg?

Innlevering

  • skisser og arbeidsteikning

  • turkopp

  • eigenvurdering

Fotografi av trekopp med hank.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Kolrosing er ein teknikk som blir brukt til å lage dekor på gjenstandar av tre, bein eller horn. Riss inn eit motiv med kniv, og smør på eit fargestoff.

Treskjeraren skaper ornament, bilete, figurar og skulpturar i tre. Her møter du Terje Harstad, har som spesialisert seg på å lage såkalla "ølhøner".

Kjelder

Engeland, K. (1994). Treskjering. Historikk, materiale, verktøy, karveskurd, akantus, figur- og relieff, kolrosing. (3. utg.) N. W. Damm & Søn AS.

Hauge, R.B. (2021, 11. mai). Kolrosing. Norges Husflidslag. https://husflid.no/kolrosing/

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2022

Læringsressursar

Teknikkar i trearbeid