Hopp til innhald

Fagstoff

Dekorteknikk – kolrosing

Kolrosing er ein teknikk som stammar heilt tilbake frå vikingtida. Teknikken blir brukt til å lage dekor på gjenstandar av tre, bein eller horn. Du kan risse inn eit motiv med kniv. Etterpå smør du på eit fargestoff som festar seg i dei innrissa strekane, slik at mønsteret kjem tydeleg fram.
Fotografi av skei med ovalt blad. Skaftet har fått nettingdekor, og bladet er dekorert med kolrosing.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kvifor blir teknikken kalla kolrosing?

Opphavleg brukte ein kol blanda med dyrefeitt som fargestoff, derav namnet kolrosing.

Materiale

Materialet du skal dekorere, må vere tett og hardt. Lyst tre gir god kontrast. Treverket bør ha minst mogleg fargesjatteringar for at dekoren skal kome tydeleg fram. Overflata må vere tørr og glatt. Ei porøs overflate vil suge til seg pigmentet og skape eit ureint resultat. Vel derfor eit emne utan for mykje porer og flis.

I tillegg treng du

  • sandpapir nr. 240–400

  • papir og blyant

  • ein spiss og skarp kniv

  • finriven furubork eller eit anna fargepigment
    (kaffi kan også brukast)

  • vegetabilsk olje, til dømes linolje
    (rå linolje bruker lengre tid på å tørke enn kokt linolje)

Framgangsmåte

  1. Puss overflata du vil dekorere, med fint sandpapir, og overfør dekoren med blyant.

  2. Riss dekor inn i gjenstanden med ein knivspiss utan å fjerne tre frå overflata. Skjer med ei jamn rørsle, slik at du får eit stødig kutt på ca. 1 mm. Pass på å halde kniven mest mogleg loddrett når du skjer.

  3. Visk bort restar etter blyanten.

  4. Smør på eit fargestoff i dei innrissa strekane, slik at mønsteret kjem tydeleg fram. Du kan bruke raspa furubork, som gir ein mørkebrun, jamn strek. Bland borkpulveret med litt olje, slik at du får ein farga pasta. Gni pastaen over spora som er rissa i overflata. Pass på at du får pressa fargestoff inn i heile mønsteret.

  5. Tørk bort fargestoffet som blir til overs.

  6. Puss med fint sandpapir til det berre er igjen farge i kutta du har skore.

  7. Set gjenstanden inn med olje.

Fotografi av trekopp med inngravert ornamentikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Engeland, K. (1994). Treskjering. Historikk, materiale, verktøy, karveskurd, akantus, figur- og relieff, kolrosing. (3. utg.) N. W. Damm og Søn AS.

Hauge, R.B. (2021, 11. mai). Kolrosing. Norges Husflidslag. https://husflid.no/kolrosing/

Relatert innhald

Lag ein turkopp med eit personleg preg. Du skal forme han ut frå eit trestykke, gjerne ei rirkule.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2022

Læringsressursar

Teknikkar i trearbeid