Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Sveip

I denne oppgåva skal du bli kjend med ulike materialar og teknikkar på treverkstaden. Sveiping er ein gammal og tradisjonsrik håndverksteknikk. I Norden har sveiping vore i bruk heilt sidan jernalderen. Her skal du bruke teknikken til å lage ei oval eske med lokk.

Utstyr

Skyvelære. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva bruker vi dette utstyret: målereiskap, stålband, skyvelære, stemjern (4 mm og 8 mm), tvinger, kniv, blyant, skavhøvel og sandpapir. Det kan vere ein fordel å ha tilgang til maskinverkstad med bandsag, avrettar og dimensjonshøvel, sirkelsag, limknektar og drill eller boremaskin. Benkeverkstad med høvelbenker er ein fordel.

Samanføying: lim

Overflatebehandling: olje eller måling

Materialar

Eigna materialar til sveip er kvistfri rettvaksen furu eller bjørk. Desse held forma godt etter at dei er tekne av sveipeforma. Hugs at borksida, der årringane er bua ut, skal inn i sveipen.

Konstruksjon av en ellipse. illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å lage mal til sveip

Du kan konstruere ei ellipse ved hjelp av to tegnestifter, hyssing og penn slik det er vist i illustrasjonen og videoen over. Overfør ei ellipseform til eit massivt trestykke eller samanlimte sponplater. Sag ut ellipseforma på ei sirkelsag, og bor hòl til tvinger for å feste tresponen. På den eine sida av malen lagar du to trappetrinn – eitt der du skal feste aluminiumsplata (det første trinnet), og eitt der du skal kile fast tresponen (det andre trinnet). (Sjå bileta i bildepresentasjonen.)

Forslag til oval sveip

  • Storleik: cirka 22 cm x 15 cm
  • Spon til sveipen: 80 cm x 5 cm, tjukkleik 3 mm
  • Lokk: 13 mm heiltre
  • Botn: 10 mm heiltre

Framgangsmåte

Den ferdige sponen kan vi leggje i vatn eitt døgn før han skal brukast, eller vi kan stime han med vassdamp. Ut frå erfaringar er det ein god framgangsmåte å bruke eit stort kokekar og ei kokeplate, tre ein plastsekk over slik at ein held kontroll på dampen, og setje sponen inni.

Når sponen er mjuk nok, sveipar ein på malen og set på tvinger. Sponen må vere på malen til han er heilt tørr. Ta den ferdige sveipen av malen, lag omskøyt og lim saman. Du skal no ha fått ei slutta form.

Denne forma bruker du som mal for lokket, det vil seie at du kan lage ein ny sveip som er vidare i omkrins, og som går utanpå den første.

Botn

  • Alternativ 1

Puss ferdig den første sveipen innvendig og set han ned på botnplata (10 mm). Teikn eit omriss innvendig, sag ut på sirkelsag, puss og lim botnen fast.

  • Alternativ 2

Puss ferdig den første sveipen innvendig og set han ned på botnplata (10 mm). Teikn omriss både innvendig og utvendig med eit overmål på 2 mm. Du har no teikna to parallelle ellipsar. Sag ut etter det ytste/største omrisset. Deretter bruker du stemjern og fjernar materialen slik at du får ein fas på trebotnen.

Lokk

  • Alternativ 1

Puss ferdig den andre sveipen innvendig og set han på treplata til lokket (13 mm). Teikn eit omriss innvendig, sag ut på sirkelsag, puss og lim fast inni sveipen. Dette lokket kan setjast utanpå sjølve sveipen ved botnen.

  • Alternativ 2

Her må du lage to stolpar som du festar på yttersida av sjølve sveipen (sjå ingressbilete). Du må no teikne lokket med overmål på cirka 5 mm. Hugs å forme lokket slik at du kan kile det fast mellom stolpane på sveipen. Puss ferdig heile sveipen.

Prosess sveip. Fotokololasje.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det som skal leverast inn, er

  • digitale bilete der du dokumenterer arbeidsprosessen og det ferdige resultatet
  • ferdig sveip

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Marie Osmundsvåg og Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2019

Læringsressursar

Teknikkar i trearbeid