Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Utforming av ein kjøkenreiskap

Lag ein kjøkenreiskap ut frå eit trestykke. Vurder kva slags funksjon reiskapen du vil lage, skal ha. Teikn skisser og planlegg forma, før du byrjar å hogge og skjere ho ut. La deg inspirere av filmen, som viser prosessen med å utforme ei treskei.
Knut Ivar Sørheim viser prosessen med å lage ei treskei i bjørk. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Funksjon

Vel kva slags kjøkenreiskap du vil lage i tre. Planlegg forma ut frå kva det skal brukast til. Hugs at reiskapen skal vere god å halde i, i tillegg til å fungere til arbeidsoppgåva.

Estetisk uttrykk

Ei god form er vakker i seg sjølv. Vurder om du i tillegg vil bruke dekor på reiskapen. Du kan lage utskjeringar eller bruke overflatebehandling viss du ønskjer det.

Arbeidsprosess

  1. Lag skisser til ulike løysingsforslag.
  2. Planlegg form og dekor på kjøkenreiskapen, og lag ei arbeidsteikning.
  3. Lag produktet.
  4. Vurder handverket du har utført.
  • Korleis har du jobba med ulike teknikkar?
  • Fungerer kjøkenreiskapen slik du hadde tenkt?
  • Kva synest du om det estetiske uttrykket?

Innlevering

  • skisser og arbeidsteikning
  • kjøkenreiskap
  • eigenvurdering