Arbeidsoppdrag
Politiske og ideologiske ytringar i handverk
Elisabeth Briseld har eit sterkt miljøengasjement og uttrykkjer dette gjennom broderi. Korleis kan du uttrykkje eigne kjensler eller meiningar gjennom eit handverk?
Samarbeid i grupper på 2–3 elevar. Undersøk korleis ulike kulturar har brukt handverkstradisjonar til å seie noko om politikk eller ideologi.
- Kva brenn du for? Har du nokon meiningar eller kjensler du vil formidle til andre? La deg inspirere av undersøkinga i del 1, og planlegg korleis du kan bruke eit handverk til å formidle dette.
- Lag eit produkt der du uttrykkjer eigne kjensler eller meiningar.
- Vis døme på kva gruppa di fann ut i undersøkinga i del 1.
- Forklar kva du lét deg inspirere av, og korleis du har brukt eit handverk til å uttrykkje eigne kjensler eller meiningar.
Relatert innhald
Fagstoff
Innovasjon i treskjerarfagetKorleis kan vi ta vare på tradisjonshandverk og samtidig bruke det på ein nyskapande måte? Even Hansen lèt oss følgje prosessen med å utvikle eit skrivebord.