Olympisk genserdesign - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Olympisk genserdesign

– Under OL i Oslo i 1952 viste fleire av utøvarane seg i norske strikkegenserar i mønster som var laga spesielt til OL. Desse mønstera vart fort populære, og det var nok bakgrunnen for idéen om å lage ein eigen OL-genser, seier produksjonssjef Lorents Tvedt i Dale of Norway.

VM- og OL-genserar sidan 1956

Dale of Norway har hatt ein avtale med Norges Skiforbund om å lage dei offisielle OL- og VM-genserane heilt sidan 1956. Til kvar meisterskap får dei norske idrettsstjernene eit nytt genserdesign.

Norsk identitet

Døme frå Sotsji-OL i 2014

Alle dei norske utøvarane, idrettsleiarane, trenarane og støtteapparatet brukte OL-genseren gjennom heile Sotsji-OL i 2014. Denne OL-genseren blei strikka i Dale-fabrikken i Vaksdal utanfor Bergen. Dei har produsert garn og strikkeplagg heilt sidan 1879.

Genseren var designa i dei norske fargane og hadde flaggstriper i halspartiet. Samtidig følgde han trenden med tradisjonelt, men moderne retromønster. Designaren la inn eit kryss i mønsteret. Etter gammalt var dette eit symbol som skulle drive bort vonde ånder. I tillegg symboliserte metallvalet i glidelåsen jakta på gull.

Lillehammer-effekten

OL- og VM-genserane sel godt i Noreg, men dei er unntaket. Dale of Norway har større omsetning utanlands enn her heime. Du finn klesmerket i butikkane på mange av dei store vintersportsstadene i både USA og Europa. I Noreg er det helst turistar som kjøper genserane. Selskapet har òg laga genserar for skiforbunda i USA og Canada.

I OL-genserhistoria skil likevel OL på Lillehammer i 1994 seg ut.

– Eksporten til utlandet eksploderte med Lillehammer-OL. Då var det ville tilstandar her. Vi sleit med å produsere nok genserar og måtte hyre inn idrettslag for å få unna pakkinga, fortel Tvedt.

Strikk sjølv

Strikking er trendy. Framleis er det norske og tradisjonelle populært. Dale Garn sel mønster til dei ulike OL- og VM-genserane, og i Noreg er det mange som vel å strikke genserane sjølve.

– Under VM i Oslo i 2011 var heile stadion full av VM-genserar. Det var vanvitig morosamt! Det er artig at eit så lite firma som vårt har vorte så synlege internasjonalt, seier Tvedt.

Gratis strikkeoppskrifter

Du treng ikkje betale i dyre dommar for strikkehefta. Du kan laste ned strikkeoppskrifta frå Dale heilt gratis. Her finn du også oppskrifta på genseren alt starta med, «Cortina», frå 1956.

Relatert innhald

Skrive av Kjersti Busterud og Hege Røyert. Rettshavar: NTB
Sist fagleg oppdatert 11.07.2022