Tilpass og saum tøymunnbind - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Tilpass og saum tøymunnbind

Saum eit tøymunnbind som du kan bruke fleire gonger. Øv deg først på å følgje ei oppskrift. Etterpå kan du jobbe vidare med å tilpasse mønsteret til eige behov.

Tøymunnbind

Det finst fleire typar munnbind. Felles for desse er at dei skal sitje tett til ansiktet, dekkje nase, munn og kinn og bli godt trekte under haka.

Tøymunnbind er laga av tekstil, og produksjonen av dei har ikkje bestemde standardkrav. Det er heller ikkje klart kor godt tøymunnbind vernar mot smitte.

Du kan bruke tøymunnbinda på nytt etter vask, og dei skal vaskast etter kvar gong du bruker dei. Dei skal vaskast i vaskemaskina på 60 grader.

Tips til deg som skal sy munnbind

  • Bruk tettvove bomullsstoff.
  • Saum med tre lag.
  • Minst to av laga bør ha tettvove stoff. Stoffa må tole 60 grader.
  • Du kan bruke vlieselin ILC 151 til det midtre laget.
  • Legg gjerne inn ein nasebøyel, slik at munnbindet får betre passform.
  • Pass på at munnbindet sit godt inntil ansiktet, det er fort gjort at det blir for slakk strikk.
  • Unngå saum over nase og munn.

NRK Livsstil har intervjua Ingrid Vik Lysne, som viser framgangsmåte for å sy eigne munnbind i videoen under.

Vel oppskrift og gjer tilpassing

Det er mange oppskrifter som blir delte gratis på nett. Ta utgangspunkt i ei av desse, eller gjer nokre nettsøk sjølv. Det ligg òg ei rekkje "gjer det sjølv"-videoar på YouTube.

Stoff og stil har utvikla og delt to gratis mønster på munnbind. Det eine liknar munnbindet i videoen over, med legg. Det er eit firkanta stoffstykke som blir bretta saman nedover. Dei andre er formsauma med ei slags oval form og har innsnitt over nasen og under munnen.

Gratis oppskrift på nett

Når du har funne ei oppskrift du ønskjer å bruke, kan du først saume eit munnbind etter oppskrifta.

Etterpå kan du gjere nokre justeringar. Kanskje treng du eit litt smalare munnbind, eller at det er litt høgare. Strikkane gjer det òg mogleg å justere munnbindet til å passe best mogleg til deg eller den som skal bruke det.

Førebuingar

Dersom du bruker nytt stoff, må du starte med å vaske det på minst 60 grader, sidan det kan krympe noko i vask. Då er det lurt å bruke vaskepose, for å unngå at trådar losnar og tvinnar seg inn i stoffet. Tørk stoffet og stryk over det med strykejern, før du går i gang med å klippe i stoffet. Du kan òg bruke tettvove bomullsstoff du har frå før, som til dømes sengeklede i bomull.

Dette treng du:

  • mønster
  • saks
  • tre lag tøy, minst to av dei med tettvove materiale
  • knappenåler
  • symaskin
  • strikk
  • du kan òg bruke nasebøyel

Klikk på punkta for å finne ut meir om det du treng til munnbind


Hugs på dette når du bruker munnbind

Ha reine hender når du tek på munnbindet. Klem over nasebøyelen for god passform. Pass på at det sit godt og stramt til ansiktet ditt. Unngå å ta deg sjølv på munnbindet når du har det på. Oppbevar reint munnbind i ein plastpose.

Vask munnbindet på 60 grader etter kvar gong du bruker det. Oppbevar det i ein pose til det skal vaskast etter bruk. Bruk gjerne vaskepose for å unngå at strikkane viklar seg inn i annan vask.

Kjelde

Folkehelseinstituttet. (2020, 29. oktober). Munnbind og visir i befolkningen. https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/munnbind-og-visir-i-befolkningen/

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Design tøymunnbind

Prøv ut ulike design og lag dekor til tøymunnbind som kan brukast fleire gonger.

Skrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2021