Strikkediagram
Eit diagram er ei teikna framstilling av mønsteret du skal strikke. Det er som regel eit rutemønster, der ei maske svarer til ei rute.
Eit strikkediagram kan vise eit mønster i fleire fargar. Det kan òg beskrive korleis du kan lage strukturar i strikketøyet ved hjelp av rette og vrange masker, vridde masker, fletter eller holmønster.
Gjer eit objekt om til eit strikkemønster
– for hand ved hjelp av lysbord og ruteark
I dette dømet har vi brukt eit lysbord, men du kan òg bruke eit vindauge. Legg eit ruteark over motivet og teikn mønster med ein markeringstusj. Pass på å bruke heile ruter.
– ved bruk av kopieringsmaskin
Du kan òg leggje ruteark i ei kopimaskin og kopiere over formelementet frå fotografiet på denne måten.
– digitalt ved hjelp av eit teikneprogram
Forma kan forenklast og gjerast om til rutemønster ved hjelp av eit digitalt teikneprogram. For å kunne strikke mønsteret er det lurt å jobbe vidare med fargane og avgrense talet på fargar i kvar strikkeomgang.
Finn garn som passar til uttrykket
Set gjerne saman fleire tynne trådar i ulike fargar for å få det fargebiletet du ønskjer.
Følg strikkediagrammet og set i gang med strikkinga
Les diagrammet i strikkeretninga, altså frå høgre mot venstre, nedanfrå og opp. Dette blir motsett av vanleg leseretning. Start nedst i det høgre hjørnet. Kvar rute svarer til ei maske. Tel mot venstre kor mange masker du skal strikke i kvar farge. Ei rad i diagrammet blir ein omgang.
Følg diagrammet. Om du strikkar fram og tilbake, strikkar du rett på framsida og vrangt på baksida. Tvinn trådane i overgangen mellom fargeflatene.