Skap klesdesign i papir
Finn ein stilperiode de vil la dykk inspirere av. Lag eit moodboard som viser kva som er typisk for denne perioden. Bruk element frå stilarten til å skape eit moderne klesdesign.
Materiell:
- Byster
- Papir i ulike kvalitetar og fargar
- Sakser, nåler og tape
- Band, viss de ønskjer å bruke det
Gruppearbeid
I filmen over jobbar elevane saman to og to, men det går fint å vere fleire.
Bli einige om eit tema, ei målgruppe for klesdesignet og korleis de vil bruke element frå stilperioden de har valt.
Eksperimenter med fargar og materiale.
Jobb direkte på bysta og skap eit klesdesign ved hjelp av papiret de har tilgjengeleg.
Vurder klesdesignet de har laga.
Korleis kan vi sjå inspirasjonen frå stilperioden de har valt?
Korleis fungerte arbeidsprosessane og samarbeidet i gruppa?
Samarbeid om å lage ei utstilling. Ta gjerne med moodboarda slik at de kan vise fram samanhengen mellom klesdesignet og stilperioden de blei inspirerte av.
Relatert innhald
Korleis kan dialog hjelpe oss i kreative prosessar? Vi følgjer studentar i eit samarbeid der dei skal designe ein kniv. Dei deler erfaringar og gode råd.