Hopp til innhald

Fagstoff

Strikka klassikar – Marius-genseren

Det var mykje som klaffa då Marius-genseren blei lansert for omkring 60 år sidan. Ein ambisiøs designar, kjendisar og produktplassering spelte hovudrollene i suksesshistoria som ser ut til å halde fram inn i framtida. Marius-genseren har brukt tida godt og held framleis koken etter nesten 60 år.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Strikkemote

– Strikk var på moten, og Marius-genseren var noko av det første som slo an. Mønsteret har henta inspirasjon frå norsk strikketradisjon, men Marius-genseren blei kopla med noko moderne, ungt, sprekt og sporty, seier direktør Marit Jacobsen i Norges Husflidslag.

Alpinist og OL-vinnar (1952) Stein Eriksen var mellom dei første som blei avbilda med designar Unn Søiland sin Marius-genser frå 1953 – før oppskrifta kom på marknaden. Men det var broren, Marius Eriksen, som blei ansiktet til genseren på strikkeoppskrifta.

Søiland hadde nemleg fått i oppdrag å kle opp skodespelarane i Troll i ord. Filmen skildra kjærleik i fjellheimen, og her spelte Marius Eriksen rolla som den kjekke skilæraren. Kledd i Marius-genser pryda han strikkeoppskrifta då ho blei utgitt av Sandnes Uldvarefabrik (seinare SandnesGarn) samtidig med filmen. Henki Kolstad og danske Jytte Ibsen var òg mellom skodespelarane som bar plagga til designaren i filmen. I dag er Marius-mønsteret det mest selde og strikka i Noreg.

Flaggfargar

Unn Søiland var allereie eit kjent namn. (Ho tok namnet Dale på 1960-talet, og namnet har ingenting med Dale of Norway å gjere). Det første gensermønsteret til designaren, «Eskimo», hadde slått an utanfor landegrensene òg. Og «Slalom», designa til OL i 1952, var det første som bar fargane til det norske flagget.

Oppskriftene, som alle blei kjøpte opp og vidareselde av Sandnes Uldvarefabrik, hjelpte fabrikken med garnsalet. Tilbake fekk Søiland rabatt på garnet ho trong til si eiga bedrift. Ho gjorde forretning med handstrikkersker over heile landet, som produserte genserar mot garn, oppskrift og honorar.

Også Vigdis Yran Dale, dottera til Søiland, trur det er fleire grunnar til at Marius-genseren er blitt så populær.

– Mønsteret er vakkert, reint, enkelt og godt komponert. Bruken av flaggfargane var ei total fornying den gongen og slo godt an. Mønsteret har lenkjer inn i setesdalsmønsteret, men bordane er ryddigare, og det er enklare å strikke. Du ser tidleg dersom det blir feil, seier dottera, som driv Lillunn a/s Design of Norway, bedrifta som blei starta av mora.

Designaren fekk òg garnprodusenten til å lage garn med andre fargar enn det som hadde vore vanleg på denne typen strikketøy.

– Det blei mote med knæsje fargar, held Yran Dale fram.

Gro Harlem Bruntland i Marius genser
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tidlaus

Marius-genseren har gjennom åra vore gjenstand for konflikt rundt opphav og rettar. Men SandnesGarn har alltid hatt eineretten til sal av Marius-strikkeoppskrifter og Lillunn retten til bruk av mønsteret på produkt for sal.

Det er uansett eit uomtvisteleg faktum at Marius-genseren og mønsteret stadig har fått fornya popularitet. No viser bloggarar rundt om i landet villig fram dei siste mariusstrikkedådane sine på nettet, og den ferske Marius strikkebok med fleire titals oppskrifter er allereie trykt opp i andre opplag.

At mønsteret, eller variantar av det, har blitt løfta fram av ulike designarar i nyare tid, har nok òg hjelpt godt for 60-åringen. I dag finst det mellom anna sengetøy, koppar, iPhone- utstyr, collegejakker og sparkebukser med mariusinspirert mønster.

– Marius-genseren er tidlaus, og tidlause ting kjem igjen og igjen. Eg hugsar at han fekk eit oppsving på 1970-talet òg. Mønsteret har vore der, men fasongane har variert, seier Jacobsen i
Norges Husflidslag.

Strikket cover til iPhone
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Siri Marte Kværnes. Rettshavar: NTB
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Design og uttrykk