Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Pc-veske

Korleis kan du kan lage ei veske til å verne den berbare pc-en eller mac-en din? Fargeval og tekstil har mykje å seie for heilskapen, og dekor blir ein viktig del av produktet. Du skal arbeide deg gjennom ein prosess frå idé til ferdig produkt. Her får du ei enkel rettleiing.
Fargerik pc-mappe med glidelås. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Materiale og utstyr

Kva tekstil du vel å bruke, er valfritt, men bomull eller lin er kanskje enklast. I tillegg treng du måleband, glidelås, saks, nål, tråd, symaskin, rull med papir og eventuelt overlockmaskin (overkastingsmaskin). Vel du å trykke dekor, har du òg bruk for tekstilmåling, kontaktpapir og svamp.

Del 1. Idéutvikling og planlegging

  1. Lag minst tre ulike forslag til ei pc-veske der du konsentrerer deg om form, fargar og dekor.
  2. Finn måla til din eigen berbare pc, og lag ein mal av denne i papir. Legg på minimum 3 cm ekstra rundt kanten slik at du har nok stoff til samansyinga.
  3. Vel ei av skissene du laga i punkt 1, og lag ein plan for dei ulike delane og dei ulike tekstila du treng.
  4. Bestem deg for kva slags dekor og teknikk du vil bruke, til dømes tekstiltrykk, lappeteknikk eller applikasjon. Eksperimenter og lag prøvelappar.
Tre bilete av ulike dekorteknikkar på tekstil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit tips før du startar:

Tenkt over bruken av dei ulike materiala – ikkje klipp midt i eit stoff, men arbeid deg ut frå eit hjørne.

Del 2. Gjennomføring

  1. Lag mønster og klipp ut alle delane du treng til pc-veska. Bruk malen du laga i del 1, til å klippe ut to delar til fôr i filtmaterialet. Har du laga fleire delar til dekorering, må du hugse å legge til 1 cm saumrom.
  2. Legg den eine fôrdelen saman med framsida, og sy dei saman med sikksakksaum eller med overlockmaskin. Gjer det same med den andre fôrdelen og baksida.

  3. Sy i glidelåsen. Glidelåsen skal vere festa på rettsida med taggane i motsett retning av opninga på pc-veska. I dømet på biletet er det brukt ein glidelås som ikkje heng saman i endane. Dersom du har ein glidelås som skal henge saman i ein av endane, kan det vere greitt å sy i glidelåsen til slutt.

  4. Legg framsida og baksida saman, rette mot rette, og sy dei saman med rettsaum.
  5. Vreng arbeidet, og du har ei ferdig pc-veske.

Del 3. Eigenvurdering

Vurder det ferdige resultatet og din eigen arbeidsprosess:

  • Vernar veska pc-en din, og passar ho til maskina di?
  • Korleis er det estetiske uttrykket? Korleis synest du dekoren fungerer saman med forma på veska?
  • Korleis er kvaliteten i handverket ditt? Er det nokon teknikkar du bør øve meir på?

Innlevering

  • skisser og prøvelappar
  • ferdig produkt
  • eigenvurdering
CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 25.11.2022

Læringsressursar

Design og uttrykk