Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Garnbombing

Korleis kan de vise engasjement gjennom tekstilar? Garnbombing har vorte eit internasjonalt fenomen. Vel ei sak de brenn for, finn fram heklenål eller strikkepinnar, og samarbeid om å formidle ein bodskap.
Fotografi som viser ein tanks som er dekt av hekla og strikka tekstilar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Garnbombing som fenomen

  1. Søk på "garnbombing", "strikkegraffiti" eller "yarnbombing" og finn ut

    • kva garnbombing er

    • korleis garnbombing har vorte brukt som gatekunst

    • korleis garnbombing blir brukt til å formidle ulike bodskapar

Fotografi av garnbombing i eit byrom. Ein trestamme er dekt av strikka tekstilar. Ned frå greinene heng uroer med fargerike tekstilblomar.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Samanfatt med ein medelev kva garnbombing er.
    Bli einige om eit godt døme som de vil vise til resten av klassen. Korleis tolkar de det tekstile uttrykket?

Del 2: Finn ei sak som engasjerer klassen

  1. Bli einige om ei sak som engasjerer klassen.

  2. Ha ei felles idémyldring om korleis kan de uttrykkje noko om denne saka gjennom tekstile teknikkar. Her kan de til dømes la alle skrive ned ulike idéar på gule lappar, og plassere dei inn i eit felles tankekart.

Del 3: Gruppearbeid

Vel ein idé som gruppa vil jobbe vidare med, og diskuter korleis de kan formidle ein bodskap gjennom tekstilar.

Korleis kan de bruke fargar, symbol eller skrift til å framheve bodskapen dykkar?

La dykk inspirere av korleis ei gruppe samarbeider om eit garnbombingsprosjekt i filmen nedanfor.

Lær ein ny masketeknikk

Ei maske er ei garnlykkje. Det finst fleire teknikkar der vi bruker masker til å lage tekstilar. Ha som mål at du skal lære deg ein ny teknikk. Det kan vere ein teknikk innan:

Fotografi som viser nærbilete av ein knallgul tekstil laga av perlestrikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Finn ein instruksjonsvideo på nettet og lag ein prøvelapp.

  2. Bli einige i gruppa om kva format de vil jobbe i, og lag bitar de kan setje saman.

  3. Gjennomfør garnbombinga! Ta bilete av det ferdige uttrykket.

Del 4: Refleksjonsnotat

Skriv eit refleksjonsnotat der de vurderer

  • korleis de har uttrykt eigne meiningar gjennom tekstil

  • korleis de har brukt handverksteknikkar til å skape eit uttrykk

  • kva dilemma som kan oppstå når de plasserer arbeid i det offentlege rommet

  • korleis de har jobba med å lære dykk nye teknikkar og utvikle ein idé i fellesskap

  • korleis samarbeidet i gruppa fungerte

Innlevering

  • prøvelapp

  • bilete av det ferdige gruppearbeidet

  • refleksjonsnotat

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2022

Læringsressursar

Design og uttrykk