Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Design og strikk dine eigne vottar

Design dine eigne vottar, inspirert av tradisjonelle selbuvottar.
Selbuvottar med snø på heng på ei snor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Historia til selbuvotten

Rutemønster med ei åttebladrose i grønt. Illustrasjon.

Den 16 år gamle gjetarjenta Marit møtte opp på kyrkjebakken med sjølvstrikka vottar ein vintersøndag i 1857. Historia fortel at det flotte mønsteret med åttebladroser vekte oppsikt blant bygdefolket.

Det å strikke i to fargar vart raskt populært. Framleis strikkar vi vottar etter same prinsipp. Selbuvottar blir rekna som eit verdifullt tradisjonsprodukt, der materiale, teknikk og design har høg kvalitet.

Oppgåve

La deg inspirere av historia om selbuvotten og lær om mønsterbygging i videoen og artikkelen under. Bruk dette som utgangspunkt for å designe din eigen vott. Viss du vil lage eit symmetrisk mønster, kan du bruke ein spegel i arbeidet med diagrammet.

Relatert innhald

Vi kan lage mønster ved å gjenta ei form eller eit mønsterelement. Gjentaking, dreiing og spegelvending kan skape spennande mønster.

Del 1: Inspirasjon

  • Søk etter bilete og la deg inspirere av tradisjonane for selbuvottar. Sjå om det er spesielle trekk du liker og ønskjer å vidareføre, men jobb heilt fritt både med fargar og mønster.
  • Samle inspirasjon og lag eit stemningskart der du formidlar idéane dine. Lag gjerne ein kombinasjon av mønsterelement og fargeinspirasjon.
Strikkevottar i ulike fargar og mønster heng tett i tett. Foto.

Del 2: Idéutvikling

  1. Teikn raske idéskisser og vel ut dei du synest eignar seg best til vottedesign.
  2. Gå vidare med mønstermalane og teikn gjerne fleire forslag. Ver merksam på at vrangborden og tommelen kan brukast som eit ekstra designelement. Du kan til dømes strikke ein kontrastfarge i glattstrikk, utan mønster.

Filer

Mønstermalen er teikna i ein tabell. Dette gjer at du kan jobbe digitalt med diagrammet. Men han kan sjølvsagt òg skrivast ut, slik at du jobbar med mønsterbygging for hand. Bruk gjerne markeringstusjar med flat pennesplitt som fyller rutene på ein grei måte.

Du skal jobbe med to fargar i mønsteret om gongen, det vil seie at du strikkar med maks to fargar om gongen. Trådspranga frå ein farge til ein annan bør ikkje vere lengre enn 7–8 maskar.

Del 3: Eksperimentering

Strikk ein prøvelapp og test både fargekombinasjon og strikkefastleik.

Del 4: Gjennomføring

Bestem deg for design, og start strikkinga. Hugs at du må spegelvende tommelen på kvar si side av dei to vottane, slik at du får ein venstre- og ein høgrevott.

Strikkevott sammen med mønsterdiagram. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Mønster

Storleik: One-size (éin storleik passar til alle)
Garn:
Garn som passar til 22 masker per 10 cm
Pinnar:
Strømpepinnar 3 og 3 ½
Strikkefastleik:
22 masker glattstrikk på pinne nr. 3 ½ = 10 cm. Vottane varierer i storleik etter tjukn på garn og strikkefastleik, lag derfor ein strikkeprøve.

Legg opp 48 masker på strømpepinnar nr. 3, strikk vrangbord med 2 rette, 2 vrange om lag 10 cm, eller til ønskt lengd. Strikk 1 omgang glattstrikk samtidig som du skiftar til strømpepinnar nr. 3 ½. Strikk mønster etter diagrammet. Når du feller på kvar side i avslutninga av votten og tommelen, feller du på kvar omgang i høgre side slik: 2 masker vridde rett saman, i venstre side 2 masker rett saman. Når det er 6 masker igjen på pinnane, trekk tråden gjennom maskene og fest trådane.

Del 5: Presentasjon og vurdering

  • Plasser vottane dine inn i eit miljø som kan forsterke idéen din. Ta bilete som får fram at vottane dine er eit nyskapande produkt.
  • Bli einig med læraren din korleis du skal presentere designprosessen din.
  • Vurder arbeidsprosessen og produktet ditt:

    • Korleis du har vorte inspirert av eit tradisjonelt produkt, og korleis du har brukt dette i designprosessen med dine eigne vottar?
    • Korleis fungerer mønsteret og fargebruken i vottane?
    • Vurder kvaliteten i handverket du har utført.

Innlevering

  • designprosess med stemningskart
  • strikkeprøvar, materialprøvar
  • dei ulike løysingsforslaga, malane med påteikna mønster
  • ferdig strikka vottar
  • foto av vottane i miljø
Kjelde

Hillesvåg Ullvarefabrikk (u.å.). Selbuvotten. Henta frå: https://www.hifa.no/nyttig-2/selbuvotten/

Relatert innhald

Åttebladrose er eit ornament som er brukt i mange kulturar, og i ulike teknikkar og materiale. I Noreg kjenner vi det frå Selbu i Sør-Trøndelag.

CC BY-SASkrive av Liv Inger Espedal og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2022

Læringsressursar

Design og uttrykk