Hopp til innhald

Fagstoff

Knoping

Å knope er å forme overflata på metallet til ein boge ved hjelp av ein hammar. I filmen lærer du korleis du kan slå ei plate opp til ei halvkule. Eit rundt metallstykke kallar vi ein rondell. Dette bruker vi til emne til dømes til ei skål eller ein bolle.

Verktøy

Hammar

Du kan forme metall ved hjelp av ein hammar. For å slå opp ei metallplate til ei skål treng du ein hammar med ein kuleforma slagdel. Ein kulehammar har to kuleforma banar, mens ein sisselørhammar har ein rund og ein flat slagdel. Gullsmedhammaren har ein flat og ein rektangulær bane.

To hammarar med flat og kuleforma slagdel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tre som underlag

Bruk eit trestykke som underlag når du skal knope ei plate. Trestubbar er kutta på tvers av fiberretninga i treet og fungerer derfor godt som eit hardt underlag. Kva tresort du vel, har òg betyding. Mjukt tre vil gi mindre effekt, sidan det gir mindre motstand enn hardt tre. Vær merksam på at treet kan gi litt merke i overflata på metallet.

Gullsmedsett med knoppstempel og ankerterning. Foto.

Knopjern/knoppstempel

Du kan justere forma og fjerne merke i overflata. Då bruker du eit knopjern eller eit knoppstempel som underlag. Det er ei polert metallkule som sit i enden av ein metallstav. Storleiken i diameter kan variere frå 2 mm til 54 mm.

Teknikk

Knope

  1. Plasser arbeidet ditt på eit underlag av tre. Byrj med å slå i sirkel ytst på metallplata med ein kulehammar. Unngå slag på kanten, for då vil du smi det flatt. Plasser hammarslaga 1 mm innanfor kanten på sirkelen, jobb i ei spiralform og rør deg innover mot midten.
  2. Bruk ei forseinking i trestubben, for å slå forma endå meir opp.

Planere

For å stramme opp overflata og justere ujamnskapar kan du planere skåla over eit knopjern eller knoppstempel.

  1. Først glør du metallet for å fjerne spenningar og å gjere det mjukare.
  2. Plasser arbeidet ditt på eit knopjern. Bruk ein flat gullsmedhammar til tette slag. No startar du på midten av halvkula og jobbar deg jamt utover i sirklar.

Slipe og polere overflata

Dersom du vil ha ei slett overflate, filer og smerglar du arbeidet for å fjerne spora etter hammaren.

Relatert innhald

Filing er ein teknikk som blir brukt for å stramme opp overflater og boger. Filteknikken blir òg brukt til å tilpasse delar som skal monterast saman.

Smergelpapir er eit papir eller lerret med slipemiddel som blir brukt til å pusse og polere metall. Teknikkane for å smergle og file er ganske like.

CC BY-NC-NDSkrive av Geo von Krogh, Øystein Johan Østby og Pål Atle Lystad. Rettshavar: Solum Bokvennen
Sist fagleg oppdatert 04.02.2021

Læringsressursar

Teknikkar i metallarbeid