Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Frå idé til ferdig produkt: skistavhaldar

I denne oppgåva skal du bruke ei CNC-styrt maskin til utvikling av eit produkt, og du vil sjå nytta av å kunne modellere og lage 2D- og 3D-teikningar ved hjelp av maskina.
Skistavhaldar av aluminium. Ti par skistavar heng opp-ned på haldaren. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Idéen blir fødd

Utviklinga av eit nytt produkt startar ofte med ein idé eller ei utfordring. Aller først lagar vi ofte ei handskisse, ei modellering eller teknisk teikning. Deretter produserer vi ein prototype, som vanlegvis blir forbetra før vi står der med det endelege produktet.

Utfordring: å halde orden på skistavar

I mange buer og garasjar finst det løysingar for oppbevaring av skistavar. La oss seie at du manglar ei slik innretning i garasjen din, men du har no komme på ein idé til ein haldar (eit stativ) der du kan hengje opp skistavane dine.

Då er det lurt om du først teiknar ei skisse som viser korleis du tenkjer at haldaren skal sjå ut. Etter kvart set du på mål, vel materiale og vurderer ulike typar overflatebehandling. Her bør du tenkje særleg på to ting: korleis haldaren skal kunne produserast miljøvennleg og effektivt, og korleis du kan få til ei brukarvennleg løysing. Om du kjem på nye og andre løysingar undervegs, er det heilt fint: Det er dette som er utvikling.

Ta mål og planlegg!

Det kan lønne seg for deg å ta mål av fleire ulike skistavar, for då sikrar du at haldaren passar til alle typane. Før du byrjar å modellere, bør du òg ha flest mogleg mål på skissa, då blir modelleringsarbeidet lettare. Nytt måleverktøy og prøv å sjå for deg korleis haldaren skal bli.

Du kan òg modellere (teikne) skistavar og teste om dei fungerer i stavhaldaren du har teikna. Det bør mellom anna vere stor nok avstand mellom spora slik at det er god plass til trinsene. Bruker du modelleringsprogram, slepp du å produsere fleire prototypar.

Produksjon

Etter at du har modellert haldaren, er neste steg produksjon. Du må då lage ei 2D- eller 3D-arbeidsteikning der du målset og vel material. Du lagar òg dxf-fil.

Dxf-fila til denne skistavhaldaren finn du som filvedlegg nedst i denne artikkelen. Som du vil sjå av den vedlagde teikninga, er det gjort klart for hol for å skru haldaren på vegg, slik at du slepp å bore. I tillegg er alle hjørna runda av med R10 (radius = 10 mm) slik at du slepp skarpe kantar.

Når du lagar 2D- eller 3D-teikning, vil modelleringsverktøyet spare deg for tid og arbeid, for teikninga oppdaterer seg etter kvart som du endrar på modellen.

Materialval

I modellen vår er det valt ei 1,5 mm stålplate som er belagd med aluzink. Stålleverandøren har merkt denne denne plata med KV PL ALUZ DX51D+AZ150 500 19047 21159181.

Trengst det overflatebehandling av belagde plater?

Ferdig belagde plater, som her stålplater belagde med aluzink, ser fint ut og er eit godt val med tanke på å hindre rust. Det er likevel lurt å overflatebehandle kantane plasmaskjeraren har skore, for desse vil ruste etter kvart. Her kan du pynte med ein sinkspray. Alternativt kan du lakkere heile skistavhaldaren slik at du får den fargen du vil ha. Du kan då nytte sprayboks, men du kan òg oppnå eit fint resultat med rull eller pensel.

Design og plateutnytting

I dette prosjektet er det tenkt på god plateutnytting. Haldaren er 990 mm lang, medan standard breidd på stålplater er 1000 mm. Plasmaskjeraren må ha gods å skjere rundt, men det går likevel bort berre 5 mm på kvar side.

Manuelt maskinert vs. CNC-maskinert produkt

  • Skjeretida for denne skistavhaldaren med CNC-skjeremaskin er ca. eitt minutt. Kor lang tid ville du brukt på å lage haldaren like nøyaktig med manuelle maskiner?

  • Kva for nokre manuelle operasjonar ville vore nødvendige for å få laga denne haldaren?

Prosjekt skistavhaldar – steg for steg

Filer

CC BY-SASkrive av Njål Arve Bakketun og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2021

Læringsressursar

Teknikkar i metallarbeid