Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag eit smykke til deg sjølv

Bruk teknikkane du har lært, til å lage eit smykke du sjølv ønsker å ha. Du vel om det skal bli ein ring, øyrepynt, eit anheng eller eit armband. La det bli eit smykke du bruker ofte.

Rammer

Bli samd med læraren din om kor lang tid de kan bruke på arbeidsoppdraget. Planlegg produktet og arbeidet ditt ut frå tidsramma og kva materiale og verktøy de har tilgjengeleg.

Teknikk

Vel kva teknikkar du vil kombinere:

Arbeidsprosess

Idéutvikling

Start med å finne ut kva slags smykke du kan tenke deg. Skal det fortelje noko om deg eller stilen din? Lag mange raske skisser, der du prøver ut ulike idéar.

Vel den idéen du er mest nøgd med, og lag ei presentasjonsteikning der du viser produktet sett framanfrå og frå sida.

Øyredobbe sett framanfrå og frå sida. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Planlegging

Planlegg produktet og arbeidet ditt ut frå tidsramma. Bruk gjerne eit skjema til å planlegge tida di. Du vil nok erfare at ikkje alt går heilt etter planen. Ta dette med i dokumentasjonen og planlegg vidare korleis du skal fullføre arbeidet innan fristen.

planleggingsskjema

Planlagt arbeid

Planlagd tid

Avvik i tid

Kommentar

Gjennomføring

Lag produktet med presisjon og nøyaktigheit.

Armband og anheng. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Presentasjon

Planlegg korleis du kan vise fram det ferdige smykket på ein god måte. Få hjelp til å ta bilete av at du har smykka på deg. Rediger gjerne fotografiet i eit biletbehandlingsprogram etterpå.

Vurdering

Vurder kvaliteten på arbeidet ditt:

  • Korleis har du brukt teknikkar og materiale?

  • Kva synest du om det estetiske uttrykket i smykket?

  • Korleis er det å ha på seg smykka?

  • Korleis fungerer dei tekniske løysingane, til dømes låsemekanismar, anheng eller liknande?

Innlevering

  • ferdig smykke og bilete av deg sjølv med smykket ditt på deg

  • idéskisser og ei presentasjonsteikning som tydeleg viser smykket

  • eigenvurdering av arbeidsprosessen din og det ferdige produktet

  • tidsplan med kommentarar

CC BY-NC-NDSkrive av Geo von Krogh, Øystein Johan Østby, Pål Atle Lystad og Inger Gilje Sporaland. Rettshavar: Solum Bokvennen
Sist fagleg oppdatert 16.03.2021

Læringsressursar

Teknikkar i metallarbeid