Hopp til innhald

Fagstoff

Smergling

Smergelpapir er eit papir eller lerret med eit slipemiddel. Ein gullsmed bruker det til å pusse og polere arbeidet sitt. Teknikkane for å smergle og å file er i grunnen like, men vær merksam på at smergelpapiret tek i alle retningar.

Teknikk

Etter filing må vi ofte gå over og pusse arbeidet med smergel. Dette gjeld særleg på glatte flater der det er lett å lage spor med kanten på fila. Smergelpapiret sliper metallet uavhengig av kva retning du bruker papiret i, elles er teknikken ganske lik filing.

Verktøy

Smergelpapir

Smergelpapir er papir eller tekstil som er pålimt smergelsand i ulike finleikar. Ikkje alle leverandørane bruker same system, men dei fleste viser grovskapen med eit nummer. Dette har med storleiken på korna til papiret å gjere, og kor mange korn det er på ein kvadratcentimeter. Står det 1000, er det 1000 korn per kvadratcentimeter. Grovskap 100 er eit grovt smergelpapir, mens grovskap 1200 er eit fint smergelpapir. Andre leverandørar kan til dømes bruke 4-2-1-0-2/0-3/0 til 6/0. Då er 4 grovt og 6/0 fint.

Smergelstikke

Smergelstikke er ein pinne med smergelpapir limt på. Dei kjem i fleire fasongar og med ulik grovskapar. Du kan kjøpe smergelstikker eller lage dei sjølv.

Relatert innhald

Filing er ein teknikk som blir brukt for å stramme opp overflater og boger. Filteknikken blir òg brukt til å tilpasse delar som skal monterast saman.

CC BY-NC-NDSkrive av Geo von Krogh, Øystein Johan Østby og Pål Atle Lystad. Rettshavar: Solum Bokvennen
Sist fagleg oppdatert 07.02.2021

Læringsressursar

Teknikkar i metallarbeid