Fileteknikk - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Fileteknikk

Filing er ein teknikk som blir brukt for å stramme opp overflater og boger. Filteknikken blir òg brukt til å tilpasse delar som skal monterast saman.
Video: Morten Andreassen / Avgrensa bruksrett

Verktøy

Filer

Filer blir brukte til å tilpasse delar, justere etter saging eller for å fjerne overskotsmateriale. Det finst mange ulike typar filer på marknaden. Det som skil dei, er storleik, lengd, grovskap og fasong.

Filnagel

Ein filnagel er ein trekloss som du festar i arbeidsbenken. Den kan du bruke til å støtte arbeidet under filing og saging.

Fileteknikk

Legg arbeidet støtt og vel ei fil som passar til forma du skal file. Bruk til dømes ei rund eller halvrund fil viss du skal pusse på innsida av ein ring, medan flate overflater skal filast med flatfil.

Du bør bruke heile lengda av fila når du filer. Legg press på ho når du skyv ho framover, altså frå deg. Når du trekkjer fila tilbake, har ho liten eller ingen verknad.

Relatert innhald

Fagstoff
Smergling

Smergelpapir er eit papir eller lerret med slipemiddel som blir brukt til å pusse og polere metall. Teknikkane for å smergle og file er ganske like.

Skrive av Geo von Krogh, Øystein Johan Østby og Pål Atle Lystad. Rettshavar: Solum Bokvennen
Sist fagleg oppdatert 04.02.2021