Hopp til innhald

Fagstoff

Smiing

Å smi er å gi eit metall ei ny form ved hjelp av hammararbeid. Du jobbar plastisk med metallet. Hammarslaga dyttar på metall-krystallane, slik at du kan plassere dei i forhold til kvarandre. I filmen viser Camilla Johansen kaldsmiing. Det vil seie å smi utan å varme opp arbeidsstykket.

Verktøy

Smihammar

Du må ha ein kraftig hammar for å forplante slaget gjennom materialet. Ein smihammar er ein 400–750 gram tung hammar med ein flat ende på hammarhovudet. Metallet blir drive ut til alle retningar på grunn av den flate forma. På den andre sida av hammarhovudet er forma avrunda. Større materialtjukn krev ein tyngre hammar.

Ein smed bruker smihammar til å forme metall på ein ambolt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ambolt

Ambolten er underlaget vi smir på. Den er eit benkeverktøy som finst i mange storleikar og variantar, alt etter kva han skal brukast til. På arbeidsbenken har vi gjerne små amboltar i herda stål.

Ein typisk ambolt er ein jernkloss med ein stor og solid kjerne, flat bane på midten og horn på sidene. Det eine hornet er avrunda, slik at du kan bruke det til å smi bogar og ringar. Det andre hornet er firkanta med rette kantar og eignar seg til å smi kantar og hjørne. Nokre amboltar har hol til å feste verktøy i.

Mann held handa si i ein ambolt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er viktig at ambolten er polert opp slik at metallet flyt best mogleg utover når det blir smidd. Pass på at det ikkje kjem rusk eller støv imellom når du jobbar med metallet. Det kan lage striper som blir slått inn i metallet.

Relatert innhald

Filing er ein teknikk som blir brukt for å stramme opp overflater og boger. Filteknikken blir òg brukt til å tilpasse delar som skal monterast saman.

Smergelpapir er eit papir eller lerret med slipemiddel som blir brukt til å pusse og polere metall. Teknikkane for å smergle og file er ganske like.

CC BY-SASkrive av Geo von Krogh, Øystein Johan Østby og Pål Atle Lystad. Rettshavar: Solum Bokvennen
Sist fagleg oppdatert 04.02.2021

Læringsressursar

Teknikkar i metallarbeid