Hopp til innhald
Film og filmklipp

Rigling og bukking

Å bukke betyr å bøye. Du kan bøye metall på mange ulike måtar. Nokre metall bør du glø først for å gjere dei meir formbare. Å rigle metalltråd vil seie å forme tråden i spiral slik at du kan lage små ringar. I filmen lærer du å rigle tråd og å bukke ei ringskjene.
Video: Morten Andreassen / Avgrensa bruksrett

Verktøy og teknikk

Hugs at metallet blir hardt når det blir omarbeidd. Då kan det vere nødvendig å glø det for å få gjere det meir formbart.

Rigel

Ein rigel er ei metallstong som du kan lage små metallringar på. Då strammar du metalltråden rundt og rundt som ein spiral. Til slutt tek du han av og sagar langsmed spiralen for å få mange ringar i same storleik. Ringane kallast for øsken. På grunn av saginga er ringane opne, og du kan lukke dei ved hjelp av ei tong.

Ein gullsmed bør ha riglar i fleire storleikar. Du får kjøpt riglar lause og i sett med stenger frå 0,3 mm og oppover.

Ringdor

Du kan bruke ein ringdor til å bukke opp plater og tråd til ringkinn ved hjelp av ein nylonhammar. Ringdorar har ulike storleikar. Det vanlegaste er å bruke ringdor med rund profil, men det finst òg ovale, hjarteforma, firkanta og trekanta ringdorar, med avrunda og med skarpe kantar.

CC BY-NC-ND 4.0Skrive av Geo von Krogh, Øystein Johan Østby og Pål Atle Lystad. Rettshavar: Solum Bokvennen
Sist fagleg oppdatert 04.02.2021