Smykkedesign i tinn - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Smykkedesign i tinn

I denne oppgåva skal du designe og lage ein smykkekolleksjon for våren som kjem i materiale tinn, til ei kundegruppe mellom 14 og 23 år. Du skal lære meir om todimensjonal form og estetiske virkemiddel ved hjelp av formelement.

Arbeidsform: Individuell

Tid: Ca. 8 skuletimar

Forarbeid: Presentasjonen til Johan Sandås om Basisformer 2D

Filer

I denne oppgåva er temaet smykkedesign. Hovudtanken er at du skal lære meir om todimensjonal form og estetiske verkemiddel ved hjelp av formelement. Det er viktig å ha ein god designprosess og å dokumentere prosessen undervegs.

Designprosess

Når du har fått sett gjennom presentasjonen til Johan Sandås, skal du lage skisser der du viser korleis du har jobba med ei geometrisk eller organisk form med:

  • forskyving
  • overlapping
  • spegelvending
  • rotering
  • gjentaking
  • gruppering
  • tekstur
  • positiv og negativ form.

Ved å gjere dette har du eit godt grunnlag for å designe din eigen smykkekolleksjon. Smykka bør ikkje vere for små eller ha for mange detaljar. Dei må ha ei samanhengande form fordi det flytande tinnet må kunne renne ut i alle krikane av smykket.

Arbeidsprosess:

  1. Lag gipsform.
  2. Designprosess/ skisseprosess, sjå over.
  3. Teikn valt form over på gipsforma.
  4. Grav ut forma. Pass på å lage ei trekt og luftekanalar viss du skal støype i lukka form.
  5. Støyp smykket.

Det som skal leverast inn er

  • skissebok med prosessen (inkludert forkasta idear) og argument for val
  • digitale bilete der du dokumenterer arbeidsprosessen og det ferdige resultatet
  • ferdig smykkekolleksjon
  • dokumentasjon av arbeidet ditt med dokumentasjonsverktøyet

Relatert innhald

Skrive av Inger Marie Osmundsvåg og Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2018