Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Gipsform og smykkeform

Før du startar å designe eit smykke du vil lage, er det lurt å lage gipsforma du skal støype i fyrst. Det tar tid for gipsen å tørke. I tillegg kan det vere greitt å lære noko om prosessen rundt det å lage smykkeforma.
To gipsformer, ein i eit papprør.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Materiale og utstyr:

I dette arbeidsoppdraget har du bruk for følgjande materiale og utstyr: loddetinn-stong, gass, smelteause, smergelpapir og jernreiskap til utskjering av gipsform, til dømes linosnittknivar.

Å lage gipsformer

Du kan kappe opp plast eller papprøyr med ein diameter på om lag 10 cm og ei høgd på om lag 4 cm. Teip fast ei papplate i botnen av forma slik at du får eit flatt underlag. Bland gipsblandinga og slå i forma. Når gipsen er heilt tørr, kan du bruke han som støypeform.

Lag smykkeform

For å kunne lage smykke i tinn må du først overføre skissa av smykket til den glattpussa og flate gipsforma. Hugs at du må spegelvende smykket når du overfører det til gipsforma. Dette er viktig ettersom avtrykket i gipsplata er ei negativ form. Mønsteret i gipsen hòlar du ut ved hjelp av eit linosnittjern. Det er viktig at du lagar sleppkantar i forma slik at du får smykket ut av forma utan at noko blir øydelagd. Du kan òg sote forma ved hjelp av flammane frå eit stearinlys, då toler forma fleire støypingar, og ho slepper metallsmykket lettare.

Tre bilete i lag som viser korleis ein kan brenne gipsforma før ein smelltar smykket.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Teknikkar i metallarbeid