Hopp til innhald

Fagstoff

Open og lukka støypeform

Når du skal støype i tinn, kan du velje å gjere det i anten open- eller lukka form. Til små former er det kanskje enklast med lukka form.
Tinn i smelteprosessen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Støyping i open form

Smelt tinnet over ein gassflamme i støypeausa. Ta bort «snerk» som legg seg på toppen av tinnet, før du heller det over i støypeforma. Bruk vernebriller og hanskar, forma må liggje på eit stabilt underlag. Jobb roleg. Hugs at tinnet held over 200 gradar.

Støyping i lukka form

Når du støyper i lukka form, legg du gipsforma mot ei kryssfinerplate som du festar ved hjelp av tvinger. For å få tinnet til å renne inn i gipsforma må du på førehand ha hòla ut ei trekt. Du må òg lage luftekanalar ut frå smykkeforma slik at lufttrykket inne i forma kjem ut og tinnet renn ut i alle krokar. Desse luftekanalane må vere retta opp mot trekta.

Tre bileter som viser støypeprosessen.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Teknikkar i metallarbeid