Hopp til innhald

Fagstoff

Sigbjørn Obstfelder – ein modernistisk lyrikar

Sigbjørn Obstfelder (1866–1900) blir rekna som den første norske modernistiske lyrikaren. Få har skildra einsemda og framandgjeringa til det moderne mennesket betre enn han i tekstar som «Byen» og «Jeg ser».
Portrett av Sigbjørn Obstfelder. Foto.

Forfattarskapen til Obstfelder er ikkje særleg omfattande, men han skreiv tekstar i alle sjangrar. Romanane Korset (1896) og En præsts dagbog (1900) er begge eksperimentelle i forma. I En præsts dagbok møter vi ein grublande og tvilande prest som blir usikker på om det finst ein Gud, og på kva som eigentleg er meininga med livet hans: «Hvorfor banker du sådan, hjerte? Du banker og banker, og jeg vet ikke hvad det er du vil.»

Det er likevel som lyrikar Obstfelder er best kjend. I tillegg til tekstar som skildrar einsemd og framandgjering, skreiv han fleire dikt med emne som forelsking, kjærleik og religiøs lengt, men og ei rekkje meir muntre og melodiøse dikt.

Nyskaping og sjangerblanding

Da Obstfelder gav ut samlinga Digte i 1893, fekk ho blanda mottaking. Mens Dagbladet melde at «denne lille bog blir årets største begivenhed i Norge», meinte journalisten i Aftenposten at desse dikta berre var «nonsens». Den ulike mottakinga vitnar om at folk var usikre på korleis dei skulle møte lyrikken til Obstfelder. Han braut nemleg med det dei var vane med å lese. Var dette brotet spennande nyskaping, eller var det berre dårleg lyrikk?

I dag ser vi tydeleg at Obstfelder var ein nyskapar innanfor den tradisjonelle lyrikken. Som andre modernistar braut han med tradisjonelle strofeformer og valde friare rimmønster. I staden for enderim tok han i bruk bokstavrim, assonansar, lydhermande ord og varierande verselengd for å skape klangar og rytme i dikta sine. Denne omfattande bruken av musikalske verkemiddel viser at Obstfelder var svært interessert i musikk.

Ufiltrert sansing

Eit anna typisk drag ved mange av dikta til Obstfelder er utrop, spørsmål, pausar, avbrotne setningar og andre verkemiddel som gjer at lesaren identifiserer seg med eg-personens ufiltrerte sansing og tankar. Obstfelders skrivemåte viser at forma er viktig for tolkinga av teksten – anten forfattaren stør seg til kjende rimmønster eller ikkje.

Jeg ser av Sigbjørn Obstfelder

0:00
-0:00
"Jeg ser" - tekst


Jeg ser

Jeg ser på den hvide himmel,
jeg ser på de gråblå skyer,
jeg ser på den blodige sol.

Dette er altså verden.
Dette er altså klodernes hjem.

En regndråbe!

Jeg ser på de høie huse,
jeg ser på de tusende vinduer,
jeg ser på det fjerne kirketårn.

Dette er altså jorden.
Dette er altså menneskenes hjem.

De gråblå skyer samler sig. Solen blev borte.

Jeg ser på de velklædte herrer,
jeg ser på de smilende damer,
jeg ser på de ludende heste.

Hvor de gråblå skyer blir tunge.

Jeg ser, jeg ser …
Jeg er vist kommet på en feil klode!
Her er så underligt …


Inspirert av Charles Baudelaire

Portrett av Charles Baudelaire. Foto.

Obstfelder var òg inspirert av den franske forfattaren Charles Baudelaire (1821–1867). Baudelaire hadde alt i 1850-åra skrive såkalla prosalyriske tekstar. Særmerkt for denne sjangeren er ei blanding av forteljande prosa og lyriske verkemiddel som klang, rytme, gjentaking og poetisk biletbruk. Men mens ein del forfattarar hadde innslag av prosalyrikk i romanane sine, skreiv Obstfelder reine prosalyriske tekstar.

«Byen»: eksistensiell angst og framandgjering

I den prosalyriske teksten «Byen» møter vi ein eg-person som ikkje finn ro der han er. Han bur på fjellet og har ikkje sett noko menneske på mange veker. Livet hans er prega av absolutt ro og einsemd, han høyrer ikkje anna enn sine eigne tankar og bølgjeskvulpet i tjernet. Med eitt kjenner han angst og eit sakn etter andre menneske, og fjellet står no fram som kaldt, det har «intet hjerte».

For å finne indre ro og menneskeleg fellesskap reiser han med toget til byen. Men i byen møter han ikkje det han drøymer om. I staden finn han menneske som er framande for kvarandre og ulykkelege: «De snakker ikke til hinanden, de smiler ikke til hinanden.» Dessutan iler og hastar dei ustanseleg, «som var de piskede». Eg-personen blir fylt av angst i møte med desse menneska og konkluderer med at dei er vanvettige.

"Byen" av Sigbjørn Obstfelder

0:00
-0:00
"Byen" - tekst


Byen

Jeg bor i fjellet. I uker har jeg ikke sett et menneske, ikke hørt min egen røst. Jeg hører meg selv tenke, mens tjernet skvulper.

Røde skyer drar forbi. Det mørknes, fjellvannet blir sort, lommen skriker.

Der farer en angst igjennom meg. Hvor er de nu alle? Lever de ennu? Lever mine brødre, menneskene?

Og fjellet blir plutselig så isnende koldt. Det har intet hjerte. Jeg må ned, bak den borteste blåne, sønnenfor de brede sletter, der hvor hjerter slår, der hvor tusener hjerter slår i kor.

Jeg iler til dalen, jeg gjemmer meg i kupeen. Hele natten pruster jernvognen, lyner av sted i mulm og mørke, gjennom lange, dype daler, over brede sletter.

Neste aften står jeg på den stenlagte gate. Der er ingen skog lenger, men hus og hus og vinduer, ingen sus gjennom blader, men surren av vogner, larm av utallige føtter.

Langt borte hører jeg et forferdelig skrik. Hvem lider?

Jeg løper etter skriket. Og hører ut fra åpne vinduer en brølende røst:

«Forferdes, I menn og kvinner, I råtne kar, Eders skittenhet er verre enn øglers. Eders synder er utallige som havets sand.» –

Angst løper jeg videre. Jeg kommer forbi et hus, hvor der er mange mennesker. Jeg ser dem sitte langs veggen, de snakker ikke til hinannen, de smiler ikke til hinannen.

Og jeg blir mer og mer angst. Jeg kommer forbi dansebuler med menn og kvinner, der sparker hinannen til blods.

Er dette mine brødre, menneskene?

Jeg løper videre og videre. Jeg blir mer og mer angst. Ingen taler til hinannen, ingen smiler til hinannen. De farer av sted, som var de piskede, og ut fra de små hus hører jeg gråt og hulken, bak meg gråter det, gråter, gråter …

Og omsider går det opp for meg, omsider ser jeg det: De er vanvittige, de piskes av sin egen skygge. Og jeg ser meg om, jeg ser på deres øyne, deres miner, deres ilen og løpen:

Ja, de er vanvittige, de er vanvittige.


Uttrykk for den modernistiske livskjensla

Ein mann trår på noko som liknar eit kart over ein by. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kan lese «Byen» som eit uttrykk for den modernistiske livskjensla. På 1800-talet flytte mange menneske inn til byane, men dei kjende seg ofte heimlause og sakna dei nære sosiale banda i bondesamfunnet. Eg-personen i Obstfelders tekst meiner han forstår kvifor bymenneska alltid har hast, «de piskes af sin egen skygge». Dette kan vi tolke som at dei inst inne er misnøgde med kven dei er og kva dei gjer, og at dei hastar slik for å sleppe å tenkje på dette.

«Byen» er ein subjektiv og sterk observasjon av kva urbaniseringa gjer med menneska og forholdet mellom dei. I «Byen» finn vi òg ein kontrast mellom livet på fjellet og livet i byen, i alle fall på overflata. Eg-personen i teksten opplever slett ikkje det guddommelege nærværet i naturen som dei romantiske diktarane elska å skildre, tvert imot. Fjellet har ikkje noko hjarte og maner fram angst hos eg-personen. Derfor set han sin lit til at byen kan vere staden han kjenner seg heime i. Men også byen skaper berre angst og framandgjering. Eg-personen blir heimlaus og einsam overalt i verda, han finn ikkje ro nokon stad.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken og Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Byrjinga til modernismen