Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sult av Amalie Skram og Karens jul av Knut Hamsun

Oppdaga du noko gale med overskrifta? I så fall stemmer det. Det var jo Hamsun som skreiv Sult og Skram som skreiv "Karens jul". Men no skal du skrive "Karens jul" slik Hamsun ville ha gjort det og Sult på Amalie Skrams vis.
Til læraren

Denne oppgåva er fin å gjere etter at elevane har lese både "Karens jul" og Sult. Dei bør kjenne til typiske kjenneteikn ved naturalismen og modernismen.

Målet med oppgåva

Målet med oppgåva er å sjå korleis skrivestilen til ein forfattar heng saman med kva hen ønskjer å formidle. Hamsun skreiv som han gjorde fordi han hadde eit anna mål enn naturalisten Amalie Skram.

Derfor er det viktig at du set deg inn i

  • korleis naturalisten Amalie Skram skreiv, og kvifor ho skreiv slik

  • korleis modernisten Hamsun skreiv, og kvifor han skreiv slik

Del 1:. Skrivestil og mål hos Skram og Hamsun

Sit i grupper. Lag ei punktvis oversikt over korleis Skram og Hamsun skreiv, og kva som var målet deira når dei skreiv. Viss de er i tvil, les meir om emnet i desse to artiklane:

Relatert innhald

Kva er naturalismen? Og kva skil naturalismen frå realismen?

Som forfattar var Knut Hamsun både modernist, nyromantikar og nyrealist.

Del 2: Skriv "Karens jul" av Knut Hamsun

No skal du skrive den naturalistiske novella "Karens jul" av Amalie Skram om til slik Hamsun ville ha skrive ho. Det vil seie at du skal behalde handlinga i novella, men endre ho slik:

  • Målet med novella skal ikkje lenger vere å kritisere samfunnet si behandling av dei fattige, men å vise korleis Karens sinn blir påverka av fattigdom, svolt og kulde.

  • Forteljaren skal ikkje vere autoral, men personal, og den interne synsvinkelen skal liggje hos Karen (jeg-form).

  • Bruk ein skrivestil som liknar bevisstheitsstraumen. Eksperimenter med teiknsetjinga, slik at forma på teksten din minner om tankane hos eit menneske.

  • Vis, gjennom skrivestil og handling, at mennesket er irrasjonelt, og at det "ofte oppstår sjelelige virksomheter av det underligste slag" (Hamsun, 1890/1994, s. 17).

Vel deg gjerne ut ein mindre passasje av novella, til dømes møtet mellom Karen og politimannen.

Del 3: Skriv Sult av Amalie Skram

Korleis ville Amalie Skram ha skrive Sult? Les utdraget frå starten av romanen. Vel deg deretter ut ein passasje og skriv han om, slik at han blir naturalistisk i form og innhald. Du finn utdrag på Norgeshistorie. Hugs:

  • Målet er ikkje å skildre psykologien til den namnlause Sult-helten, men korleis livssituasjonen hans er eit samfunnsproblem.

  • Forteljaren skal vere autoral i staden for personal. Du vel sjølv om du vil ha refererande eller allvitande synsvinkel.

  • Du bør bruke mykje plass på å skildre fattigdommen mest mogleg detaljert og nøyaktig. Gjer dette i miljø- og personskildringar.

  • Bruk gjerne dialekt i replikkane.

Del 4: Les for kvarandre og diskuter

  1. Les tekstane høgt for kvarandre i grupper. Om de synest nokon har lykkast spesielt godt – oppmuntre kvarandre til å lese framfor klassen.

  2. Diskuter i plenum: Har denne skriveøvinga hjelpt dykk til å forstå korleis skrivestil og mål heng saman for ein forfattar? Grunngi svaret ved å vise til døme.

Kjelder

Hamsun, K. (1994). Fra det ubevidste sjæleliv. Oslo: Gyldendal. [Opphavleg utgitt 1890]

Relatert innhald

Prøv å skrive om ein scene frå kortfilmen "De hensynsløse" slik modernisten Virginia Woolf ville gjort det.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Byrjinga til modernismen