Gåta Hedda Gabler
Les utdraga om Hedda Gabler i presentasjonen under og sjå på biletet frå ei oppsetjing av stykket (over). Diskuter deretter i grupper:
Kva slags inntrykk får de av Hedda?
Kva forventar de av stykket de no skal lese/sjå?
Sjå oppsetjinga av Hedda Gabler på Applaus Scene (Feide-innlogging)
Skriv fritt i fem minutt: Kva inntrykk får de av Hedda?
Samanlikn svara dykkar i grupper.
Diskuter deretter:
Kva kan vere årsaka til Heddas åtferd? Kvifor verkar ho rastlaus, misnøgd og slem?
Kvifor tek Hedda livet av seg til slutt?
Diskuter i grupper:
Korleis oppfører Hedda seg mot Thea?
Kva kan vere årsaka til at ho oppfører seg slik mot henne?
Samanlikn karakterane Hedda og Thea. Sjå på
personlege eigenskapar
kva Thea og Hedda har gjort i liva sine
Sjå filmen over. Diskuter deretter:
Kva for ulike forklaringar fekk de på Heddas åtferd i filmen om Hedda Gabler?
Fekk de meir forståing for henne no?
Hedda Gabler høyrer til dei øvre samfunnslaga på 1800-talet. Kan kvinneidealet og samfunnet forklare åtferda hennar?
Les teksten "Kvinneidealet på 1800-talet" på Kvinnehistorie.no
Skriv fritt i ti minutt: Kan det du no har lært om kvinnerolla på 1800-talet, forklare Heddas åtferd? Grunngi ved å vise til konkrete døme frå både skodespelet og artikkelen du har lese.
Viss kvinneidealet på 1800-talet er årsaka til Heddas åtferd, har stykket då noko å fortelje oss som lever på 2000-talet?
Diskuter spørsmålet over i grupper.
Diskuter deretter:
Korleis blir kvinnerolla framstilt i denne serien frå 2000-talet?
Samanlikn kvinnerolla i Exit og Hedda Gabler.
Kven av karakterane i Exit synest de Hedda liknar mest? De kan sjå på både manns- og kvinnekarakterane.
Korleis tematiserer episoden forholdet mellom fasade og lykke/ulykke?
Kan de sjå nokon likskapar mellom Hedda Gabler og Exit? Sjå på både kvinnerolla, lykke, ulykke og fasade.
Kjelder:
Den Nationale Scene (u.å). Skolemateriell Hedda Gabler. Henta frå https://dns.no/skolemateriell/skolemateriell-hedda-gabler/
Hartmann, E.J. (2.9.2020). Den gåtefulle Hedda Gabler – En empatisk psykologisk lesning frå Psykologtidsskriftet.no.
Rogaland teater (u.å.) Hva er det med Hedda Gabler? Henta frå https://www.rogaland-teater.no/teater-stavanger/teatermagasinet/hva-er-det-med-hedda-gabler-
Ystad, V. (u.å.) Innledning til Hedda Gabler. Henta frå https://www.ibsen.uio.no/drinnl_hg%7Cintro_background.xhtml
Relatert innhald
Hvem var Henrik Ibsen, og kvifor er stykka han skreiv like populære i dag som då dei blei skrivne på 1800-talet? Få svar i denne podkasten.
Kva forløparar for modernismen finn vi på 1800-talet? Ei kort innføring i Baudelaire, Dickinson, Whitman, impresjonisme, symbolisme og ekspresjonisme.