Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kodekammer om Sult

Du vaknar opp i ei sliten leilegheit i Kristiania i 1890. Her byrjar du å romstere rundt og finne spor etter ein tidlegare leigebuar. Klarer du å finne spor, løyse rettesnorene og finne ut kva som blei skjebnen til leigebuaren?

Tips til spelet

  • Spel i fullskjermmodus.

  • Spelet er eit kodekammer (escape room). Det vil seie at du må løyse nokre oppgåver og finne eit kodeord for å komme deg vidare i spelet.

  • Det kan gøyme seg informasjon mange stader i rommet. Legg merke til når musepeikaren går frå å vere ei open hand (🤚) til å peike(👆). Då kan du klikke.

  • Du kan velje å ha på lyd. Den slår du på nede i venstre hjørne (🔊).

  • Det kan vere lurt å opne videoar i fullskjermmodus òg. Videoane blir lukka igjen ved at du klikkar på knappen nede til høgre.

Lærarrettleiing

Kodekammeret vil fungere fint som introduksjon til Hamsun. Berre ver klar over at elevane lett kan bli veldig opptekne av konkurransen. Derfor kan det vere lurt å følge opp med oppgåvene som høyrer til for å sikre at dei les teksten og reflekterer over innhaldet.

Ønsker du å få tilsendt lærarrettleiing? Skriv til oss på hjelp@ndla.no.

Oppgåve 1. Eit kodekammer som bygger på Sult

Prøv å gå gjennom kodekammeret under. De kan jobbe i par eller åleine. Det er òg mogleg å arrangere ein klassekonkurranse der den første som kjem fram til endestasjonen, er vinnaren.

Tips

  • Trykk øvst i høgre hjørne for å få kodekammeret i fullskjerm. Dette er viktig for at du skal få med deg alle detaljane.

  • Biletet er i 360-format. Du må derfor bevege deg rundt i rommet med pc-musa.

  • Viss handa blir til ein peikefinger, er det verd å stoppe opp og lese.

  • Ta deg tid til å lese teksten nøye. Sceneskildringane er spesielt viktige. Viss du har behov for å lese dei ein gong til, trykk på i-en nedst til venstre.

  • Du kan få lyd ved å trykke på lydikonet nede til venstre.

Oppgåve 2. Kven var eigentleg Knut Hamsun?

A. Jobb åleine

Skriv ned førsteinntrykket ditt etter å ha jobba med kodekammeret:

  • Kven var Knut Hamsun?

  • Kva var han oppteken av?

  • Korleis syntest han god litteratur skulle vere?

  • Og korleis skulle litteraturen ikkje vere?

B. Jobb i par

Då de gjennomførte kodekammeret, var de kanskje mest opptekne av å finne kodane fortast mogleg. Men det står faktisk ganske mykje interessant om Hamsun der. No skal de gå gjennom kodekammeret ein gong til, men i roleg tempo. Undervegs skal de notere ned svar på spørsmåla i dokumentet under.

Oppgåve 3. Likskapar mellom kodekammeret og Sult

Gjer oppgåva "Frå det ubevidste sjæleliv" og Sult under. Diskuter deretter kva likskapar de ser mellom

  • Hamsuns liv

  • kodekammeret

  • Sult

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 01.06.2022

Læringsressursar

Byrjinga til modernismen