Hopp til innhald
Fagartikkel

Forløparane til modernismen på 1800-talet

Modernismen er ei retning innan kunst, litteratur, arkitektur og musikk som blomstra på 1900-talet. Men allereie på 1800-talet finn vi ein del forløparar til modernistane på 1900-talet.

Make it new!

Stilretninga modernismen har som kjenneteikn at han eksperimenterer med kjende konvensjonar. Det er altså eit brot med tidlegare normer og reglar for kva som er vakker musikk, kunst og litteratur.

"Make it new" har på mange måtar blitt slagordet til modernismen. Orda er den amerikanske forfattaren Ezra Pound sine og viser til oppmodinga hans til forfattarar om å ikkje gjenta gamle mønster. I staden må dei bryte med tradisjonen og lage noko nytt.

Litterære forløparar

Dei fire forfattarane Charles Baudelaire, Walt Whitman, Emily Dickinson og Fjodor Dostojevski kan vi kalle forløparar for modernismen på 1900-talet. Fellesnemnaren for lyrikarane Baudelaire, Whitman og Dickinson er at dei eksperimenterer med form og/eller innhald i dikta sine, noko som kjenneteiknar modernismen (Make it new!). Dostojevskij skriv romanar og føregrip interessa til modernistane for menneskesinnet.

Charles Baudelaire

Den franske lyrikaren Charles Baudelaire (1821–1867) blir omtalt som ”far til modernismen”. Formmessig introduserte Baudelaire ein heilt ny sjanger, nemleg prosalyrikken. Han skreiv små forteljingar med eit rytmisk og biletrikt språk som vi elles helst finn i lyrikken.

I 1857 gav Baudelaire ut diktsamlinga Les fleurs du mal (Det vondes blomster) som vekte stor oppsikt, og som straks blei beslaglagd og forboden fordi ho etter seiande var blasfemisk og umoralsk.

Dikta til Baudelaire blei sett på som ”lite lyriske”. I staden for å skrive vakre naturskildringar eller omtale svulmande forelskingar, skildra Baudelaire livets skuggesider og vanskane med å leve i moderniteten. Han sette ord på framandgjering, angst og rotløyse, men evna òg å sjå poesien i det stygge.

Den lykkelege døde

I jord som er feit, som er sniglerik,
på ein lagleg plass vil eg grøfta mi grave,
der eg kan leggje til ro eit komande lik
(Baudelaire, 1857/1999, s. 112).

Walt Whitman

I motsetning til modernistane på 1900-talet hadde Whitman ei positiv grunnstemning i dikta sine. Men det nye med Whitmans dikt var at han eksperimenterte med forma. Akkurat som dei modernistiske lyrikarane som kom etter han, brukte han frie vers utan enderim.

Eg høyrer Amerika synge

I hear America singing, the varied carols I hear,
Those of mechanics, each one singing his as it should be blithe and strong,
The carpenter singing his as he measures his plank or beam,
The mason singing his as he makes ready for work, or leaves off work,
The boatman singing what belongs to him in his boat, the deckhand singing on the steamboat deck [...]

(Whitman, 1860)

Knut Hamsun, Noregs mest kjende modernist, hadde budd i USA og kjende godt til Walt Whitman. Han var ikkje begeistra. Det er ganske paradoksalt at Hamsun, som blei kjend for å eksperimentere med romanforma i Sult, omtaler Whitmans frie vers på denne måten:

Forfatteren kaller selv dette arbeidet for sanger. [...] Det er da i virkeligheten heller ikke sanger, ikke mer enn multiplikasjonstabellen er en sang; det er avfatten i skjær prosaform, uten noen som helst metrikk og uten rim; det eneste som gjør, at det minner om vers er, at en linje kan ha ett, to, tre ord, den neste åtteogtyve, femogtredve, bokstavelig inntil treogførti ord. (Hamsun, 1889, s. 63)

Emily Dickinson

Til liks med Walt Whitman var Emily Dickinson ein amerikansk poet. Og som Whitman eksperimenterte ho med forma til dikta. Ho skreiv leikne og humoristiske dikt om dei store spørsmåla i livet. Dickinson levde eit ganske isolert liv, og berre sju av dikta hennar blei publiserte medan ho levde (Skard, 1972, s. 384). Men frå 1890-talet blei dikta publiserte, og stordomstida si fekk ho på 1920-talet. Dickinsons eksperimentering med form og innhald har inspirert mange seinare modernistiske forfattarar.

I heard a Fly buzz—when I died

I heard a Fly buzz - when I died -
The Stillness in the Room
Was like the Stillness in the Air -
Between the Heaves of Storm -
(Dickinson, 1999)


Fjodor Dostojevskij

Den russiske forfattaren Fjodor Dostojevskij starta som realist. Men etter eit fengselsopphald tok han eit oppgjer med realismen og skreiv meir om mennesket sin psykologi. Faktisk har han blitt omtalt som ein av dei beste psykologane i litteraturhistoria. Særleg kjend er historia om Raskolnikov i Forbrytelse og straff. Her undersøkjer han mordaren Raskolnikovs psykologi. Forfattarskapen er elles gjennomsyra av eksistensielle spørsmål. Slik føregrip Dostojevskij tema som modernistane blei opptekne av på 1900-talet.

Forløparar i biletkunsten

På 1800-talet var det ikkje berre forfattarane som braut med konvensjonane og eksperimenterte med forma. I biletkunsten starta ein del målarar å lage bilete som ikkje prøvde å gjengi verkelegheita så nøyaktig som mogleg, slik tradisjonen var.

Impresjonismen

I 1872 måla den franske kunstnaren Claude Monet (1840–1926) biletet Impression. Soleil levant, på norsk Inntrykk. Soloppgang. Måleriet har gitt namnet til den kunstretninga som vi kallar impresjonisme ("impression"), og som bana veg for moderne og abstrakt kunst. Dei impresjonistiske kunstnarane prøvde å gi att sanseinntrykk friskt og spontant. Det var den subjektive augneblinksopplevinga som skulle fangast inn.

Impresjonistane brukte tydelege penselsstrøk, noko som bryt med det som var konvensjonen i målarkunsten på 1800-talet; nemleg å prøve å etterlikne eit objekt i den verkelege verda så realistisk som mogleg.

Symbolisme

Symbolismen, som forfattaren Charles Baudelaire var ein representant for i poesien, finn vi òg i målarkunsten. I motsetning til impresjonistane eksperimenterte ikkje symbolistane med penselsstrøk og form. I staden var det innhaldet som var eksperimentelt. Dei reagerte på kravet til dei realistiske målarane om å gjengi verkelegheita mest mogleg objektivt. I staden skulle idéar eller kjensler blir måla symbolsk.

Eit døme er måleriet Graverens død av Carlos Schwabe. Døden, som gravaren møter i biletet, er representert symbolsk gjennom ein svart engel som tek han med seg til den neste verda.

Tidleg ekspresjonisme

Ekspresjonismen blei stor i Europa på 1900-talet. Målet med retninga var ikkje å etterlikne verkelegheita slik dei realistiske målarane gjorde, men å gi att subjektive kjensler eller uttrykk ("expression").

Nordmannen Edvard Munch var tidleg ute med å måle ekspresjonistisk. Det ikoniske måleriet has Skrik er typisk for retninga, då motivet viser ein skikkelse som ser ut til å oppleve ein indre angst. Og i staden for ei realistisk attgjeving av himmelen bak skikkelsen er himmelen måla i ein dramatisk raudfarge med kraftige penselsstrøk. Alt dette er verkemiddel som skal formidle den indre angsten i biletet.

Oppsummering

Det kunstnarane og forfattarane vi reknar som forløparar til modernismen har til felles, er at dei på ein eller annan måte "make it new", slik 1900-tals-modernisten Ezra Pound kravde av kunsten. Baudelaire, Whitman og Dickinson skulle inspirere seinare modernistar med det vågale innhaldet sitt eller den eksperimentelle forma sin. Impresjonistane, symbolistane og ekspresjonistane forkasta idealet om at kunsten skulle etterlikne verkelegheita og bana med det veg for seinare modernistar som skulle eksperimentere vidare.

Relatert innhald

Fagstoff
Kvifor oppstod modernismen?

Kvifor oppstod modernismen? Ein artikkel om den kulturhistoriske konteksten modernistane skreiv og måla i.

Oppgåver og aktivitetar
Kvifor modernisme?

I denne oppgåva skal de utforske bakgrunnen for modernismen både individuelt og i grupper.

Kjelder

Baudelaire, C. (1999). Spleen og idealet (Haakon Dahlen, Overs.). Bokvennen forlag. (Opphavleg gitt ut 1867). https://www.nb.no/items/258dda96529adbca4daa0efee8e6c2f8?page=7&searchText=sniglerik

Dickinson, E. (1999). "I heard a Fly buzz — when I died". (Opphavleg gitt ut på 1800-talet) https://www.poetryfoundation.org/poems/45703/i-heard-a-fly-buzz-when-i-died-591

Hamsun, K. (1889). Fra det moderne Amerikas Aandsliv. Philipsen. https://www.nb.no/items/949c8474bef0068c4d97f02c2f646284?page=73&searchText=%22jeg%20h%c3%b8rer%20amerika%20synge%22.

Skard, S. (1972). Kapittel om amerikansk litteratur i Verdens litteraturhistorie, bind 9. Oslo: Cappelen Damm.

Whitman, W. (1860). "I hear America singing". https://www.poetryfoundation.org/poems/46480/i-hear-america-singing

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Kvifor modernisme?

I denne oppgåva skal de utforske bakgrunnen for modernismen både individuelt og i grupper.

Oppgåver og aktivitetar
Edvard Munch og Sigbjørn Obstfelder

Sigbjørn Obstfelder og Edvard Munch var gode venner. Korleis kan vi sjå dei åndelege slektskapane deira igjen i kunsten deira?