Hopp til innhald

Fagstoff

Vilhelm Krag

Vilhelm Krag (1871–1933) var fødd og oppvaksen på Sørlandet, og i mange av tekstane skildra han naturen og folket i landsdelen. Han skreiv også nokre nyromantiske diktsamlingar.
Hvitt sørlandshus med bå inngangsdør ved sjøen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lyrikken vender tilbake

Da diktet ”Fandango” vart lese høgt i Studentersamfundet hausten 1890, vekte det stor begeistring hos tilhøyrarane. Her kom det noko heilt anna enn den samfunns- og problemorienterte prosalitteraturen som hadde dominert dei førre to tiåra. Forfattaren var ein nitten år gammal student, Vilhelm Krag.

”Fandango” blir rekna som eitt av dei to programdikta som innleidde den nyromantiske perioden. Det andre diktet er ”Jeg ser” (1893) av Sigbjørn Obstfelder.

Digte

Vilhelm Krag debuterte med samlinga Digte berre nokre månader etter suksessen med opplesinga i Studentersamfundet. Han fekk strålande kritikkar og skryt i avisene for sin nyskapande poesi, og han vart omtalt som ein komande stor diktar.

Den første teksten i samlinga er nettopp ”Fandango”. Diktet var ikkje berre ein frisk pust etter ein lang periode med samfunnskritisk prosa. Det bar også preg av nye impulsar frå europeisk litteratur og kulturliv, ein utradisjonell bruk av musikalske verkemiddel som klangar, rim og rytme. I tillegg kjem ei interesse for eksotiske stader og miljø, ei livskjensle som skifter mellom overstrøymande livsglede og djup melankoli, fortviling og sorg. Desse draga kan vi finne att i mykje av den nyromantiske diktinga i 1890-åra.

Fandango av Vilhelm Krag

0:00
-0:00
Kvinne i glitrande gul ballkjole. Måleri.

Ikke janitscharmusik.  
Stille, I marschtunge rhytmer!  
Stille, for fan, musikanter!

Tscherkesserinderne, tscherkesserinderne,
lad dem blot komme!

Ind skal de danse paa spæde smaa fødder
til dæmpet musik
fra fjerne guitarer!
Surrende, kurrende, kjælende toner,
smilende, hvilende, hviskende toner,  
sanselig søde:  
Fandango!

Inspirasjon utanfrå – det eksotiske og framande

Eit typisk nyromantisk trekk ved ”Fandango” er fascinasjonen for det fjerne og eksotiske, for stader og kulturar som dei fleste knapt hadde høyrt om. Vi finn mange slike eksotiske element i diktet: Her spelar dei janitsjarmusikk og dansar fandango – det eine tyrkisk militærmusikk, det andre ein spansk folkedans. Vi møter også dansarinner frå Tsjerkessia, eit lite avsidesliggjande land i Kaukasus.

Eg-personen i ”Fandango” liknar ein sultan eller herskar i eit fjernt land. Han kan befale at musikantar skal spele, og at kvinner skal danse for han når han ønskjer det. Han kan nyte all verdas gleder og opplevingar. Men det finst ein ting han ikkje rår med, og det er døden. Vissa om at han òg må døy, verkar lammande på han, og det einaste botemidlet han kjenner til, er å be musikantane spele høg, taktfast janitsjarmusikk for å overdøyve dei skremmande tankane.

Inspirasjon utanfrå – dekadansediktarane

Med ”Fandango” hadde Krag fanga inn straumane i tida. Han var nemleg slett ikkje den einaste diktaren i samtida som skreiv om korleis alt vent og levande ber i seg kimen til sin eigen undergang. Dei såkalla dekadansediktarane dyrka det eksotiske, sanselege og vakre, samstundes som dei var opptekne av forfallet og det heslege.

Ordet dekadanse tyder forfall, nedgang, særleg i kulturell forstand. Tida rett før og etter 1900 opplevde mange som sluttfasen av ein kulturell periode. Ein kunne sjå at ei ny tid var i emning, men samfunnsendringane gjorde menneska utrygge. I Frankrike brukte dei omgrepet ”fin de siècle”, det vil seie slutten på hundreåret, om den melankolske og urolege stemninga som følgde med denne overgangsfasen. ”Fin de siècle”-stemninga prega verka til mange forfattarar og kunstnarar i Europa.

Inspirasjon utanfrå – symbolismen

Krag og dei andre nyromantiske diktarane henta også inspirasjon frå symbolismen, ei litterær retning som voks fram i Frankrike og Belgia i andre halvdel av 1800-talet. Symbolistane ville ikkje at kunsten skulle vere realistisk eller samfunnskritisk. Dei ønskte ein kunst som uttrykte idear og kjensler, men på ein indirekte måte. Motivet i eit måleri eller eit dikt skulle ha symbolsk (overført) innhald og stå for noko anna og meir enn seg sjølv.

Diktet ”Der skreg en fugl”, som også er henta frå debutsamlinga til Krag, kan seiast å vere eit godt eksempel i så måte. Det skildrar ein kort augneblink, nokre få sanseinntrykk, som formidlar ein sinnstilstand av djup melankoli:

Der skreg en fugl over øde hav,
langt fra lande.
Den skreg saa saart i den høstgraa dag,
flaksed i brudte, avmægtige slag,
seiled på sorte vinger bortover hav
. . .

Dei symbolistiske lyrikarane la stor vekt på musikalske verkemiddel som klangar, rim og rytme, men dei brukte ikkje nødvendigvis faste rimmønster. Den ytre forma skulle saman med orda skape meining i teksten. Både i ”Fandango” og ”Der skreg en fugl” viser Krag kor dyktig han er til å utnytte form, klang og rytme slik at dei både utdjupar og forsterkar det som blir sagt med ord.

Heimstaddikting

Nyromantikken skapte også ei interesse for heimstaddikting. Mange menneske opplevde urbaniseringa og moderniseringa av samfunnet som eit trugsmål mot det bygdenorske, og heimstaddiktinga utgjorde ei motvekt mot den nye og til dels skremmande utviklinga.

Heimstaddiktarane skreiv varmt om heimemiljøet. Slik dei såg det, levde menneska det gode livet der dei hadde sine røter og sitt opphav. Vilhelm Krag sat i Kristiania og skreiv om Sørlandet, og han lengta heim. I 1917 skaffa vennene han bustaden Havbukta i Ny-Hellesund.

I dag er Krag mest kjend for muntre sørlandsviser der han skildrar folket og naturen på Sørlandet. Men skildringane til Krag var ikkje berre idylliserande. Både borgarleg dobbelmoral, religiøs fanatisme og kvinneundertrykking er tema i bøkene hans.

CC BY-NC-SASkrive av Oddvar Engan.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Byrjinga til modernismen