Hopp til innhald

Fagstoff

Knut Hamsun

Som forfattar var Knut Hamsun både modernist, nyromantikar og nyrealist. Mange av romanane hans handlar om den kjensla enkeltmennesket har av å vere framandgjort og einsam i verden.
Knut Hamsun med kone og barn sitter rundt eit bord i stua på Nørholmen. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Knut Hamsun (1859–1952) var ein omstridd mann, både som forfattar, kritikar og samfunnsaktør. Han skreiv nokre av dei mest elska klassikarane i norsk litteratur. Men samstundes hadde Hamsun tydelege sympatiar for ein av dei mest menneskefiendslege ideologiane på 1900-talet – nazismen. Hamsun er derfor ein person det er vanskeleg å vere likegyldig til. Det storma rundt han mens han levde, og det stormar til tider rundt han også i dag.

Modernist, nyromantikar og nyrealist

Hamsun debuterte i 1877 med forteljinga "Den Gaadefulde". Ingen av dei tidlege skjønnlitterære verka hans vart nokon stor suksess, men med romanen Sult i 1890 kom gjennombrotet. Frå no av byrja forfattarskapen hans verkeleg å setje spor etter seg.

Tidleg i 1890-åra tok Hamsun aktivt del i debatten om norsk litteratur. Han markerte seg ved å kritisere Ibsen og dei andre realistiske forfattarane og hevda at personane i verka deira var typar, ikkje individ. Hamsun ville ha ein moderne litteratur som handla om nettopp enkeltmennesket, og som avslørte «sælsomme Nervevirksomheder, Blodets Hvisken, Benpibernes Bøn, hele det ubevidste Sjæleliv».

Og Hamsun levde opp til sitt eige krav. Gjennom verka sine frå 1890-åra, Sult, Mysterier (1892), Pan (1894) og Victoria (1898),var han med på å introdusere både nyromantikken og modernismen i Noreg. Det kan derfor verke som eit paradoks at han etter 1905 også medverka til å introdusere ei ny realistisk bølgje i norsk litteratur. Romanar som Markens Grøde (1917), Landstrykere (1927) og August (1930) høyrer til dei mest sentrale verka frå den epoken vi kallar nyrealismen.

Sult – ei forteljing om det einsame mennesket

Gjennombrotsromanen Sult er ein av dei første modernistiske romanane i verdslitteraturen. Hovudpersonen i boka, ein namnlaus eg-person, vandrar rundt i gatene i Kristiania. Han er blakk og arbeidslaus og prøver heile tida å skrive ulike tekstar. Svolten gjer at han har eit ustabilt kjensleliv, der vegen frå intens glede til djupaste fortviling ofte er kort.

Vi får ikkje vite noko som kan knyte han til ein konkret stad eller ei bestemt gruppe. Det er enkeltmennesket vi møter, framandgjort og einsam i verda. Hamsun skildrar her den såkalla modernistiske livskjensla.

Stream of consciousness

Også skrivestilen til Hamsun varslar noko nytt i norsk litteratur. Sult er den første moderne norske eg-romanen. Hovudpersonen i boka er også forteljaren, og framstillinga er sterkt farga av dei vekslande sinnstilstandane hans. Mykje av handlinga går rett og slett føre seg inne i hovudet på eg-forteljaren, og tankane hans, ofte skiftande og irrasjonelle, pregar teksten. Hamsun gir her ein forsmak på den forteljemåten vi kallar stream of consciousness, «medvitsstraum» – ein teknikk som skulle bli mykje brukt i den høgmodernistiske perioden på 1900-talet.

Romanen har lite ytre handling, og Hamsun bryt med idealet om ei utvikling av handlinga eller av karakteren. Sult er ingen psykologisk utviklingsroman, men eit djupdykk i psyken til eit moderne menneske.

Pan – den nyromantiske helten

Hamsuns roman Pan frå 1894 er eit sentralt verk i den nyromantiske perioden. Hovudpersonen i boka er løytnant Thomas Glahn. Vi møter han «en nordlandssommer» i 1855. Glahn leiger ei jakthytte og bur der i lag med hunden sin, Esop. Han er ein typisk nyromantisk helt, rastlaus, kjenslevar og irrasjonell. Han søkjer ro i naturen fordi han ikkje kjenner seg heime i sivilisasjonen og det moderne bylivet.

Men ikkje langt frå hytta ligg tettstaden Sirilund. Her bur mellom anna Edvarda, dotter til den rike handelsmannen Mack. Glahn blir forelska i Edvarda, men to faktorar gjer kjærleiken deira umogleg: Edvarda er like kjenslevar og irrasjonell som Glahn, og ho representerer det siviliserte livet som Glahn ikkje meistrar.

Pan er både eit portrett av eit «nervemenneske », ei kjærleikshistorie og ei forteljing om konflikten mellom kultur og natur, det «opphavlege» mennesket og det siviliserte. Tematikken er typisk for nyromantikken.

Mytiske skildringar

Også dei mytiske skildringane i teksten er typiske for perioden. Sentralt i romanen står sjølvsagt myten om den greske skogguden Pan. Pan er stadig på jakt etter dyr og vakre nymfer, og han er kjend for sitt erotiske begjær. Glahn høyrer heime i skogen, på same måten som Pan. Og nett som Pan er også Glahn driven av eit sterkt erotisk begjær. I romanen er Glahn involvert i tre ulike kvinner – Edvarda, Eva og gjetarjenta Henriette. Dei fyller ulike roller, utan at nokon av dei blir den eine idealkvinna hans.

Ei prosalyrisk eg-forteljing

Framstillinga i Pan er prega av mange prosalyriske skildringar, det vil seie skildringar med sterke lyriske innslag. Særleg i avsnitt der Hamsun skildrar naturen og lèt seg inspirere av mytar, nyttar han mange verkemiddel på ein måte vi er mest vane med frå lyrikken: rytme, allitterasjon, gjentakingar og biletbruk får ein dominerande funksjon. Dei framhevar den subjektive, sanselege og ekstatiske stemninga som hovudpersonen opplever i naturen. Nokre av dei vakraste avsnitta i romanen gjeld skildringane av nordlandssommaren, midnattssola, havet og skogen.

Men nu i nattens timer har pludselig store, hvite blomster utfoldet sig i skogen, deres ar står åpne, de ånder. Og lodne tusmørkesværmere sænker sig ned i deres blade og bringer hele planten til å skjælve. Jeg går fra den ene til den andre blomst, de er berusede, det er kjønslig berusede blomster og jeg ser hvorledes de beruses.

Pan (1894)

Pan er ei førstepersonsforteljing, med hovudpersonen Glahn som forteljar. Eg forma høver svært godt når forfattaren vil skildre «det ubevidste Sjæleliv» til ein person. Eg-forma gir lesaren direkte tilgang til tankane og kjenslene til forteljaren, slik at vi får med oss dei til tider irrasjonelle og brå endringane i sinnet hans.

Les romanen: Nasjonalbiblioteket: Pan (1894)

Frå nyromantikk til nyrealisme

Tidleg på 1900-talet byrjar modernismen å slå gjennom som kunstretning i Europa. Både forfattarar, målarar og komponistar vart gradvis meir modernistiske i formspråket sitt. Men i Noreg går utviklinga i ei anna lei. Vi får eit nytt møte med ei meir realistisk uttrykksform i kunsten. Denne retninga har fått namnet nyrealismen.

Knut Hamsun var ein av dei forfattarane som no endra skrivestil. Mens han i 1890-åra var ein av dei sterkaste kritikarane av realismen og kjempa for ein meir psykologisk litteratur, skriv han på 1900-talet fleire romanar i eit realistisk språk. Mest kjend av desse romanane er Markens Grøde frå 1917. Det er denne romanen som også gav han nobelprisen i litteratur i 1920.

På NRK skole kan du sjå alle episodane av TV-versjon av Benoni og Rosa

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken og Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2022

Læringsressursar

Byrjinga til modernismen