Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ein podkast om Knut Hamsun

Bli kjend med ein dei mest berømte forfattarane våre gjennom ein podkast. Her får du kjennskap til både dei største verka og det kontroversielle politiske synet til Knut Hamsun.
Jonis Josef i podkaststudio. Foto.
Kva veit eg?

Kva er greia med Hamsun?

Kvifor er Hamsun så viktig i norsk litteraturhistorie? Og kvifor diskuterer vi om vi bør lese det han skreiv eller ikkje? Høyr Jonis Josef i samtale med Giuliano D'Amico, som er Hamsun-ekspert og førs...

0:00
-0:00

Del 1: Lytt til podkasten

Lytt til podkastepisoden "Kva er greia med Hamsun?". Noter ned svar på desse spørsmåla undervegs:

  1. Kvifor var Hamsun både feira og utskjelt?

  2. Kva handlar Sult om, og kvifor var det ein nyskapande roman?

  3. Kvifor blir Sult rekna som ein av dei første modernistiske romanane?

  4. Kvifor bruker programleiaren, Jonis Josef, ein referanse til standup-miljøet når han omtaler forholdet mellom Hamsun og Ibsen?

  5. Korleis forandra skrivestilen til Hamsun seg utover på 1900-talet?

  6. Kvifor meiner Giuliano D'Amico å kunne sjå såkalla "brune" (høgreekstreme) tendensar i Hamsuns bok Markens grøde?

  7. Kvifor meiner Giuliano D'Amico at det er så viktig å lese kritisk når du skal lese noko av Knut Hamsun?

Del 2: Les Hamsun

Bli endå betre kjend med Hamsun ved å lese Markens grøde med ulike briller eller setje deg inn i Sult og Hamsuns litterære program.

Portrett av Knut Hamsun med familie. Dei sit på ei utetrapp i pentøy frå 1930-talet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2022

Læringsressursar

Byrjinga til modernismen