Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samanlikn natursynet i Pan og to moderne tekstar

Korleis blir forholdet mellom mennesket og naturen framstilt i NRK-dokumentaren Helt alene og Knut Hamsuns Pan? Du vil møte Pia som bruker naturen som kur mot anoreksi og løytnant Glahn som lever aleine i ei hytte i Nord-Noreg. Heilt til slutt skal du lese om ein gut som slutta å helse på tre.
Ein mann går med ryggen mot kamera. Han ser på solnedgangen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Møt Pia i Helt alene

I NRK-dokumentaren Helt alene går 25 år gamle Pia aleine gjennom norsk vinternatur. Sjå dokumentaren på NRK.

Medan du ser, skal du notere svar på desse spørsmåla:

  1. Kvifor har Pia valt å oppsøkje naturen og utfordre seg sjølv til ein så vanskeleg tur som ventar henne?

  2. Korleis kan du sjå på turen som ein "tur for livsmeistring"?

  3. Er du einig med Pia i at samfunnet vårt er så utsjånadsfiksert som ho seier?

  4. Korleis vil du beskrive dei naturopplevingane Pia har på turen sin?

Del 2: Diskuter i klassen

  1. Korleis er forholdet dykkar til naturen?

  2. Kor mange i klassen har oppsøkt naturen fordi dei meiner han er helsebringande? Rekk opp handa og fortel!

  3. Kor mange i klassen synest naturopplevingar er oppskrytte? Rekk opp handa og fortel!

  4. Pia meiner vi bruker altfor mykje tid på utsjånaden vår og på å vere fine i dag. Korleis er det med dykk i klassen? Er de (for) opptekne av utsjånaden?

Ein mann og to kvinner løper på tredemøller. På veggen framfor dei er det skjermar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: Knut Hamsun og Pan

Romanen Pan blei skriven av Knut Hamsun i 1894. Då hadde Hamsun nettopp slått gjennom og blitt ein respektert forfattar etter å ha gitt ut Sult (1890) og Mysterier (1892). I romanen møter vi Løytnant Glahn som flyttar til Nord-Noreg og buset seg i ei hytte utanfor tettstaden Sirilund.

Person som er halvt dyr og halvt menneske speler på ei panfløyte. Illustrasjon.

Steg 1. Kven var Pan?

På illustrasjonen til høgre ser du ei framstilling av Pan. Finn ut kven denne Pan var.

Steg 2: Les og lytt til Pan

No er det på tide å lese romanen. Vi tilrår at du har boka framfor deg samtidig som du lyttar til ei høyrespelutgåve. Du kan anten spørje læraren din om ei utgåve du kan ha i hendene eller finne Pan Nasjonalbiblioteket.

Lytt til NRKs høyrespelutgåve av romanen medan du les. Du vil merke at språket er noko gammalmodig, men høyrespelet fungerer framleis. Du finn det på NRK.

Medan du lyttar, skriv du ned svar på desse spørsmåla:

  1. Kva forhold vil du seie løyntnant Glahn har til naturen?

  2. Korleis blir naturen beskriven i romanen? Finn eitt sitat som du synest viser det som er typisk for naturskildringane av boka.

  3. Korleis stiller løytnant Glahn seg til sivilisasjonen og andre menneske?

  4. Løytnant Glahns natursyn blir ofte beskrive som "panteistisk". Finn ut kva det betyr og finn døme frå romanen som de synest viser dette panteistiske natursynet.

Del 4: Natursyn i Helt alene og Pan

Diskuter i grupper:

  1. Kva likskapar er det i natursynet i dokumentaren om Pia og romanen om løytnant Glahn?

  2. Både Pia og løytnant Glahn vel å vere aleine i naturen. Men mennesket er trass alt eit flokkdyr. Kva sider ved dokumentaren og romanen viser at det er viktig for både Pia og løytnant Glahn å halde kontakt med andre menneske?

Del 5: Kvifor helsar vi ikkje på naturen?

Arne Johan Vetlesen er professor i filosofi. Han skreiv ein tekst til sakprosaboka Naturen svikter aldri (2014). Teksten kan du òg finne på nettsida til nettmagasinet Harvest.

Les teksten og svar på desse spørsmåla:

  1. Kva meiner du er hovudsynet i teksten? Gjengi med eigne ord.

  2. Er du einig i hovudsynet? Grunngi synet ditt ved å vise til sitat i teksten.

  3. Akkurat som Hamsun viser Vetlesen i denne teksten eit panteistisk natursyn. Kvar kjem det til syne? Vis og grunngi.

  4. Korleis bruker Vetlesen patos og logos i teksten for å nå fram med hovudsynet sitt?

Del 6: Klassen sitt forhold til naturen

Diskuter i klassen:

  1. Var det nokon av tekstane du har sett/lese som gav deg eit nytt syn på mennesket sitt forhold til naturen? I så fall – korleis?

  2. Kunne du tenkje deg å endre måten du tek omsyn til naturen på? Eller er du nøgd med livet ditt som det er no? Grunngi svaret.

Edellauvskog. Skogbotn som er dekt av blomstrande kvitveis. Nedfallstre viser at skogen er urørt. Jeløya, Moss, Østfold. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 7: Skriv eit mini-essay om mennesket og naturen

Ta utgangspunkt i tekstane du har lese og skriv eit mini-essay (500–700 ord) om mennesket sitt forhold til naturen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2021

Læringsressursar

Byrjinga til modernismen