Hopp til innhald

Fagstoff

Typisk modernistisk – Make it new!

Kva var typisk modernistisk? Her skal vi sjå på kva som kjenneteiknar skrivestilen i modernistisk prosa og lyrikk.

Sjå filmen om modernismen over

  • Skriv stikkord om typisk modernistiske trekk i kunsten, litteraturen, arkitekturen og musikken medan du ser på filmen.

  • Lag ei kort oppsummering av det som kjenneteiknar modernismen.

Kva er typisk modernistisk?

Eit fellestrekk for alle modernistiske retningar er at dei eksperimenterer. Litteraturprofessor Per Thomas Andersen seier i videoen at modernismen "bryt", og vi kan godt sjå på modernismen som eit "brot" – eit brot med tradisjonelle motiv og tema. "Make it new!" skreiv den amerikanske forfattaren Ezra Pound. Det kan sjåast på som slagordet til modernismen.

Dette brotet måtte naturlegvis vise seg i måten modernistiske romanar, drama, noveller og lyrikk blei skrivne på, og vi stiller oss spørsmålet: Kva er typisk modernistisk form?

Modernistisk prosa

Kva kjenneteiknar modernistiske romanar, noveller og drama? Sjølvsagt var ikkje alt likt i verka. Poenget var jo nettopp å eksperimentere og lage noko nytt, men nokre gjennomgåande tendensar kan vi sjå.

Brot med kronologien og mangel på ytre handling

Det som blir rekna som den første modernistiske romanen, Sult (1890) av Knut Hamsun, viser kva vi kunne vente av seinare modernistisk prosa: Romanen har ingen tydeleg kronologi (tidsrekkjefølgje) og inga handlingsutvikling der lesaren blir lósa fram til ei klar avslutning.

I staden kunne ein del modernistisk prosa gi inntrykk av stillstand eller ein evig runddans.

Eit anna kjent døme er skodespelet Mens vi venter på Godot av Samuel Beckett. Det handlar om dei to gamle mennene Vladimir og Estragon. Stykket har lite handling eller framdrift. I staden sit mennene på ei sparsamt innreidd scene og planlegg at dei skal komme seg av garde. Men kvar gong dei er i ferd med å bevege seg, seier ein av dei: "Vi må vente på Godot."

Denne animerte videoen av stykket viser mangelen på framdrift som pregar handlinga:

Stream of consciousness

Målet til mange modernistar var å skildre mennesket sitt indre. For å få til det brukte dei ein teknikk som blir kalla "Stream of consciousness" eller "bevisstheitsstraum". Det vil seie at forfattarane ville etterlikne tankane våre i skrivestilen. Og sidan vi ikkje tenkjer i fullstendige setningar, med komma eller punktum, kunne heller ikkje teksten ha dette.

Teknikken blei brukt i ulik grad. Knut Hamsun brukte han til ei viss grad i Sult. Som du ser av utdraget under, bruker han noko teiknsetting, men setningane er lange og skal vise korleis eg-karakteren tenkjer:

Dette tomme værelse, hvis gulv gynget opp og ned for hvert skritt jeg tok bortover det, var som en utett, uhyggelig likkiste, det var ikke ordentlig lås for døren og ingen ovn i rommet. (Hamsun, 2019/1890)

Mann med hatt, briller, bart og slips ser opp mot venstre. Foto.

Ein meir ekstrem variant av teknikken ser vi hos den engelske forfattaren James Joyce. Boka Ulysses er på over 600 sider, og i den siste delen bruker ikkje Joyce teiknsetting i det heile:

Ja for det har da aldri hendt før at han har bedt om frokost på sengen med et par egg siden vi bodde på City Arms Hotel da han lot som han var syk og var ynkelig i stemmen og agerte Hans høyhet for å gjøre seg interessant for dem gamle hurpa Mrs Riordan som han trodde[...] (Joyce, 1993/1922, s. 576)

Fleire stemmer – fragmentarisk

Medan tradisjonelle forfattarar som Henrik Ibsen og Amalie Skram hadde som mål å etterlikne verkelegheita ved å byggje opp ei truverdig og samanhengande historie, verkar ofte modernistisk prosa som fragmentarisk. Det vil seie at ho kan verke oppstykka og usamanhengende.

Til dømes kan historia bestå av mange ulike forteljarar. Vi går inn og ut av bevisstheita til ulike karakterar og ser same oppleving på ulike vis.

Fire kvinner framstilt i kubistisk stil. Måleri.

Modernistisk lyrikk

Modernistisk lyrikk er – som modernistisk prosa – eksperimentell. Men kva særpreg er det vi kan sjå i fleire av tekstane frå perioden?

Ikkje-strofisk form

Først og fremst bryt dei modernistiske lyrikarane med det som var det vanlege oppsettet av dikt. Tradisjonelle dikt har fast form med enderim og fast rytme, og dei er gjerne delte inn i så og så mange verselinjer og strofer.

Slik er det ikkje med modernistiske dikt. Dei kan verke kaotiske og usystematiske. Men det er jo òg ein del av det typiske med modernismen – å lage noko nytt og eksperimentere. Dermed kan ikkje forfattarane lenger bruke det tradisjonelle oppsettet.

Eitt av dei mest kjende modernistiske dikta frå verdshistoria er langdiktet "Det golde landet" (1922) av T.S. Eliot. Utdraget frå diktet, som du kan lytte til i videoen under, stiller spørsmål og gjentek frasar, men elles manglar det alle kjenneteikn frå den tradisjonelle lyrikken.

Det betyr ikkje at modernistiske dikt ikkje har rim i det heile. Men i staden for enderim kunne lyrikarane bruke bokstav- eller vokalrim. Desse rimtypane kan skape ein viss rytme i diktet. Sjå til dømes på utdraget frå diktet "Hestene står i regnet" av Astrid Hjertenæs Andersen:

Stå og kjenne kroppen suge
dette svale, sterke, våte,
som i strie strømmer siler
over ansikt, hår og hender.
(Hjertenæs Andersen, 1948)

Diskuter:

Korleis blir bokstav- og vokalrim brukt i dømet over?

Broten syntaks

Les utdrag frå diktet "Som i en kinosal" av Paal Brekke. Legg du merke til eit brot med det vi reknar som "vanleg" setningsbygning (syntaks)?

Som i en kinosal, men uten
at jeg selv vet hvordan jeg er kommet 
hit, og midt under forestillingen
Hva handler det om? hysj
Men hva heter filmen? hysj
(Brekke, 1965)

Tradisjonelle dikt følgjer ofte grammatiske reglar for linjedeling. Men om du studerer diktet "Som i en kinosal" av Paal Brekke, vil du sjå at forfattaren bryt med dei forventningane vi har til kva som er korrekt syntaks. Han startar på ei ny verselinje midt i ei setning og droppar teiknsetjing der vi ville forvente det.

Denne brotne syntaksen kan ofte forsterke typiske modernistiske tema. Til dømes kan overraskande brot i setningsbygginga illustrere at individet kjenner seg forvirra i det moderne samfunnet. Det kan òg gi inntrykk av å formidle det lyriske eg-et sine indre kjensler og impulsar sterkare enn om diktet er strengt komponert etter faste reglar.

Symbolsk framstilling av bombinga av byen Guernica under den spanske borgarkrigen. Måleri.

Kjensleladde ord og symbolikk

Ein del modernistisk lyrikk blir kjenneteikna av verkemiddel som skal vekkje kjensler. Dermed bruker ein del diktarar symbolikk og ord som overraskar.

Legg til dømes merke til korleis Gunvor Hofmo set saman motsetninga "stumme skrik" med fargane "raud" og "svart" i utdraget frå diktet "Det er ingen hverdag mer":

Det er bare stumme skrik,
det er bare sorte lik

som henger i røde trær!
(Hofmo, 1946)

Upoetiske ord

Eit nytt element i modernistiske dikt var bruken av kvardagslege eller upoetiske ord. No skreiv lyrikarane om "kinosalar", "gravemaskinar" og "tannpasta". Sjå til dømes på utdaget frå "Myrstrå vipper" av Rolf Jacobsen om livet i den moderne byen:

Hvor menneskene stimer på fortauene og ser hva de andre har på sig
idag og husmødrene vasker kopper i varmt vann og setter dem på plass
i skapene efter hvert måltid,
og hvor vi kan kjøpe tannpasta og snipper og grammofonplater
(Jacobsen, 1935)

Også dette må vi sjå på som noko nytt og eit brot. Målet var ikkje at diktet skulle vere vakkert, og at det skulle innehalde tradisjonelle, poetiske ord. I staden kunne ordbruken vise korleis livet var for individet i den moderne verda.


Oppsummering

  • Målet for modernistane var å lage noko nytt. Dermed blir eksperimentering med form nødvendig i modernistisk prosa og lyrikk.

  • Målet var ikkje å lage noko "vakkert" eller "harmonisk". Modernistane ønskte å vekkje sterke kjensler i lesarane. Dermed kunne dei gjerne bruke verkemiddel som skulle overraske og sjokkere.

  • Målet var heller ikkje at verket skulle verke samanhengande eller rasjonelt. I staden var det viktigaste å attskape det indre til individet.

Kjelder

Andersen Hjertenæs, A. (1948). "Hestene står i regnet" frå De unge søylene. Oslo: Aschehoug. Henta frå https://www.nb.no/items/772532330307d52d2f4ee1a1278aceb6?page=0&searchText=%22Hestene%20st%c3%a5r%20i%20regnet%22

Brekke, P. (1965). "Som i en kinosal" frå Det skjeve smilet i rosa. Oslo: Aschehoug. Henta frå https://www.nb.no/items/21a87b2889772916660a0d69db96525e?page=0&searchText=Det%20skjeve%20smil%20i%20rosa%22

Hamsun, K. (2019). Sult. (Opphavleg gitt ut 1890). Henta frå https://www.norgeshistorie.no/kilder/industrialisering-og-demokrati/k1552-knut-hamsun%e2%80%93Sult.html.

Hofmo. G (1946). "Det er ingen hverdag mer" frå Jeg vil hjem til menneskene. Oslo: Gyldendal. Henta frå https://www.nb.no/items/19b100156369c656b735321c8aae3cd1?page=0&searchText=%22Det%20er%20bare%20stumme%20skrik,%20det%20er%20bare%20sorte%20lik%22

Jacobsen, R. (1935). "Myrstrå vipper" frå Vrimmel. Henta frå https://www.nb.no/items/6b760172d0f921782c050b3716151694?page=0&searchText=%22tannpasta%20og%20snipper%20og%20grammofonplater%22

Joyce, J. (1993). Ulysses. (O. Angell, Overs.) J.W. Cappelens forlag. (Opphavleg gitt ut 1922). Henta frå https://www.nb.no/items/2e9165c0ee40f931fa007424e70dca8b?page=5&searchText=%22gamle%20hurpa%20Mrs%20Riordan%20som%20han%20trodde%22

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 12.11.2021

Læringsressursar

Modernisme 1900–1945