Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rudolf Nilsen og Rolf Jacobsen om byen

Rudolf Nilsen og Rolf Jacobsen skreiv begge om bylivet i mellomkrigstida, men framstillinga deira av individet sin plass i byen har lite til felles. I denne ressursen skal du samanlikne dikta "Signaler" og "Midt i byen".

Del 1: Kva forhold har de til byen?

Sjå videoen over om urbanisering og diskuter:

  1. Kva er bakgrunnen for urbaniseringa på slutten av 1800-talet og starten av 1900-talet?

  2. Sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen fortel om både positive og negative sider ved byen. Kva for nokre?

  3. Kva haldningar har de i klassen til det å bu i byen? De kan til dømes diskutere desse påstandane:

    • Livet i byen er framandgjerande og einsamt.

    • Livet i byen er eit liv i fridom og med alle moglege val.

Del 2: Rudolf Nilsens "Midt i byen"

Portrett av Rudolf Nilsen. Foto.

Rudolf William Nilsen (1901–1929) voks opp i Oslo. Mange av dikta hans handlar om byen.

A. Jobb aleine

Les diktet "Midt i byen" (under spørsmåla) av Rudolf Nilsen minst tre gonger. Skriv deretter ned svar på desse to spørsmåla:

  1. Kva forhold har det lyriske eget til byen?

  2. Kvifor har eget dette forholdet til byen?

B. I par

  1. Samanlikn svara dykkar.

  2. Bli einige om ei verselinje eller ein frase de synest viser godt haldninga eget har til byen.

Relatert innhald

Del 3: Rolf Jacobsens "Signaler"

Rolf Jacobsen blei fødd i Kristiania, men slo seg til slutt ned på Hamar. Han er ein av våre aller mest kjende modernistiske lyrikarar. Les diktet:

Relatert innhald

Det modernistiske diktet "Signaler" (1933) av Rolf Jacobsen handlar om mennesket sitt forhold til byen.

Gå gjennom diktet "Signaler" av Rolf Jacobsen på same måte: Først aleine, deretter i par. Svar på dei same spørsmåla som du gjorde til "Midt i byen" av Rudolf Nilsen.

Del 4: Samanlikn dikta

Samanlikn dikta. Du skal ikkje sjå på verkemiddel eller skrivestil enno, men leggje vekt på kva du meiner dikta formidlar, og kva stemning det er i dei. Legg vekt på

  • motivet

  • temaet (haldningar til byen)

  • stemninga og tonen

Del 5: Nærles dikta

Når du nærles dikt, går du i djupna på dei og utforskar og vurderer korleis forfattaren bruker ulike verkemiddel for å formidle temaet.

Viss du kjenner deg usikker på fagomgrep om språklege verkemiddel, kan du starte med å ta denne repetisjonsøvinga før du går i gong med nærlesinga:

  1. Nærles diktet "Midt i byen". Skriv ned alle verkemiddel, bruk fagomgrep og samanlikn med notata til ein annan elev for å sjå om de har skrive det same.

  2. Sjå videoen under; ein instruksjonsvideo om korleis de kan nærlese "Midt i byen". Hadde de lagt merke til dei same verkemidla? Diskuter eventuelt nye omgrep som måtte dukke opp.

  3. Nærles diktet "Signaler". Bruk fagomgrep og vis korleis verkemidla formidlar temaet.

  4. Gå saman i grupper og diskuter: Kvifor bidreg verkemidla til å understreke temaet i dikta?

Del 6: Tekst i kontekst

Diskuter i grupper:

  1. Kva for eit av desse dikta synest du best reflekterer den personlege haldninga din til byen? Kvifor?

  2. Dei to dikta er skrivne nesten samtidig, men viser to heilt ulike haldningar til byen. Reflekter over korleis konteksten dikta kom ut i, kunne skape så ulike haldningar til byen. Sjå dei to videoane under før de diskuterer svaret.

Tekstversjon av animasjonen

Tidleg modernisme (ca. 1890–1905)

Einsam, framand og redd

Modernismen er ei stilretning som bryt med tradisjonelle måtar å skrive, måle, komponere eller byggje på. I lyrikken syner dette brotet seg mellom anna ved at mange diktarar fjernar seg frå den tradisjonelle strofeforma med fast rytme og enderim.

Vi kan tidfeste modernismen som kulturhistorisk epoke i Europa og USA til første halvdel av 1900-talet. Nokre viktige banebrytarar fanst allereie i andre halvdel av 1800-talet. I Norden gjorde modernismen sitt inntog rundt 1890, med forfattarar som Knut Hamsun, August Strindberg og Sigbjørn Obstfelder, men det skulle gå godt og vel 50 år før modernismen verkeleg fekk sitt gjennombrot her.

Dei modernistiske kunstnarane gjekk nye vegar fordi dei ønskte seg eit formspråk som kunne skildre tida dei levde i. Tradisjonelle verkemiddel og skrivemåtar strakk ikkje til for den som ville skildre eit samfunn som hadde gjennomgått veldige endringar på kort tid.

Frå slutten av 1800-talet gjekk den teknologiske utviklinga stadig raskare. På nokså stutt tid fekk vi for eksempel telefon, elektrisk lys, forbrenningsmotor, bil, fly og radio.

Menneska måtte prøve å finne seg til rette i ei verd der den teknologiske utviklinga endra både kvardagen og arbeidslivet radikalt. I tillegg flytte stadig fleire menneske frå landet til byen. Dei opplevde at mange av dei sosiale banda som hadde knytt menneska saman i bondesamfunnet, vart borte og kunne vere vanskelege å erstatte.

Den vitskaplege utviklinga førte òg til at religionen fekk ein mindre framståande plass i samfunnet. Menneska måtte finne fram til ei ny forståing av seg sjølve og verda. Mange sakna det faste, trygge haldepunktet som religionen hadde gitt dei.

Kunsten formidla at mange tradisjonelle sanningar og levereglar ikkje lenger var gjeldande. Denne kunnskapen var ikkje alltid lett å bere, og eit vanleg tema i modernistiske tekstar var kjensla av å vere einsam, redd og framand i verda.

Relatert innhald

I denne oppgåva skal de utforske bakgrunnen for modernismen både individuelt og i grupper.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 29.08.2022

Læringsressursar

Modernisme 1900–1945