James Joyce: Ulysses - Norsk (SF vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

James Joyce: Ulysses

Høgmodernistar som James Joyce (1882–1941) og Virginia Woolf (1882–1941) ville "sitere det menneskelege medvitet" i romanane sine. Dei ønskte å vise korleis dei tradisjonelle realistiske romanskildringane strengt teke var lite røyndomsnære.

Modernistiske forfattarar prøver ofte å skildre og problematisere forholdet mellom ytre og indre røyndom. Eit menneske tenkjer ikkje alltid logisk, det handlar ikkje alltid etter klare og rasjonelle mål. Derfor kan eit livsløp ikkje skildrast som ei rekkje hendingar som heng logisk og nødvendig saman, meinte modernistane. Dei syntest heller ikkje at det var særleg røyndomsnært å gi att det personane tenkte i ryddige, grammatisk korrekte setningar, for medvitet vårt forheld seg ikkje berre til logikk og resonnement, men like mykje til assosiasjonar, kjensler og plutselege innfall.

Stream of consciousness

Eit viktig mål for litteraturen blei da å spegle korleis det menneskelege samvitet fungerer, og dette fekk konsekvensar også for sjølve romanforma. Både Joyce og Woolf brukte den såkalla stream of consciousness-teknikken: Tekstane deira gir att medvitsstraumen hos ein eller fleire personar; ytre handling og omgivnader blir skildra slik desse personane opplever dei.

Lengst gjekk Joyce i romanen Ulysses (1922). I eit forsøk på å nedteikne tankane til hovudpersonen, skriv han ikkje heile setningar, men gir att tankebrokkar og enkeltord slik dei strøymer gjennom hovudet til Bloom.

Kort om Ulysses

Heile handlinga i boka Ulysses går føre seg den 16. juni 1904. Hovudpersonen er Leopold Bloom, ein reklameagent av jødisk opphav. Han har konvertert til kristendommen for å kunne gifte seg med Molly, og dei to har no vore gifte i 16 år. Vi følgjer Blooms vandringar og møte med menneske i Dublin denne eine dagen. Bloom blir introdusert for lesaren i kapittel fire.

Oppgåve 1

James Joyce: Ulysses (1922)

Les gjennom kapittel fire av Ulysses .

  1. Kva for konkrete gjeremål utfører Bloom i dette kapitlet?
  2. Kor mange sider bruker forfattaren på å skildre tankane og gjeremåla til Bloom?

  3. Kva bruker forfattaren mest plass på, tankestraumen til Bloom eller ytre handling?

Oppgåve 2

Forteljarteknikken i utdraget

Nærles kapittel fire og undersøk:

  1. Forfattaren skifter mellom autoral framstilling (tredjepersonsforteljing) og personal framstilling (førstepersonsforteljing). Sjå nærmare på dei to første avsnitta i kapitlet og finn eksempel på slike overgangar.
  2. Bruker forfattaren tankeverb ("tenkte ho" osv.) for å synleggjere kva som er tankestraum i teksten?
  3. Kva slags framstilling bruker forfattaren når han skildrar
    • sjølve handlinga

    • tankane til Leopold Bloom

  4. Gi to eksempel på korleis ulike sanseintrykk – ting han ser eller høyrer - set i gang assosiasjonsrekkjer i hovudet til Bloom.

Oppgåve 3

Setningsbygning (syntaks) som verkemiddel

Utdraget nedanfor skildrar tankane til Bloom idet han oppdagar ein konsertplakat.

  1. Kva særmerkjer setningsbygninga i utdraget?

  2. Og kva særmerkjer tankerekkja til Bloom?

"Stopp, plakat. Mirusbasaren. Hans eksellense guvernøren. Det er den sekstende i dag. Til inntekt for Mercer-sykehuset. Messias ble uroppført i den anledningen. Ja. Händel. Hvorfor ikke dra dit? Ballsbridge. Stikke innom Keyes. Nytter ikke å henge på ham som en igle. Gjør meg upopulær. Kjenner sikkert noen ved inngangen" (s. 169).

Oppgåve 4

Skriv sjølv

Skriv sjølv ein kort tekst der du bruker stream of consiousness-teknikken. Nedanfor finn du nokre framlegg til situasjonar du kan skildre, men du kan sjølvsagt velje å fortelje om noko heilt anna. Du står også fritt til å fortelje i første eller tredje person.

  1. Du sit i ein undervisningstime og keiar deg. Tankane flyr.
  2. Du vakner om morgonen og går på badet for å dusje og stelle deg, men du er ikkje riktig vaken enno.
  3. Du er på joggetur i skogen eller ved havet. Kva sansar du, hva tenkjer du?

Relatert innhald

Skrive av Jorunn Øveland Nyhus, Heidi Mobekk Solbakken og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022