Hopp til innhald

Fagstoff

Sigmund Freud og psykoanalysen

Sigmund Freud er mannen bak verdas mest kjende psykologiske behandlingsmetode, nemleg psykoanalysen. Men psykoanalysen blei meir enn ein metode for å kurere pasientar. I Noreg fekk Freud så stor innverknad, at norske forfattarar tok teoriane hans inn i litteraturen.
Portrettbilete av Sigmund Freud med ein sigar i handa. Han har skjegg, er kledd i jakke, vest og skjorte og har eit alvorleg ansiktsuttrykk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunn

Den austerrikske legen Sigmund Freud (1856–1939), psykoanalysens “far”, er ein sentral skikkelse i europeisk åndsliv. Tankane hans har påverka mellom anna psykologar, psykiatarar, forfattarar og kunstnarar og prega kulturen vår på ulike måtar. Når vi i dag snakkar om at noko er gjort “ubevisst”, eller at vi har “fortrengt” noko, er det Freud sine fagomgrep som har gått inn i daglegtalen og pregar måten vår å snakke om oss sjølv på.

Psykoanalysen

Freud utvikla den psykoanalytiske metoden og teorien om psykoanalysen samtidig som han behandla pasientar med ulike psykiske lidingar. På Freuds tid eksisterte det få og til dels ganske umenneskelege behandlingsmetodar for psykiatriske pasientar. Freud innførte samtaleterapien som metode for bearbeiding av vonde og forstyrrande tankar og kjensler. Men bak den tilsynelatande enkle metoden – å snakke med pasientane – låg ein kompleks teori om kva det er som pregar menneskets psyke.

Id, ego og superego

Freud utvikla ein modell for å forklare menneske sin personlegdom. Ifølgje han bestod menneskets psyke av tre delar: id, ego og superego, også kalla eg-et, det-et og over-eget. Ein grunnleggjande tanke i Freuds teori er at dei tre delane av personlegdommen vår jamleg er i konflikt med kvarandre, noko som skaper psykiske spenningar og av og til problem.

Id er delen vi blir fødde med. Han er styrt av drifter og ønskjer om omgåande tilfredsstilling av behov. Ego, sjølvbevisstheita vår, blir utvikla i dei første leveåra. Ego er styrt av fornufta og prøver å unngå eller løyse moglege konfliktar mellom id, superego og dei krava som omgivnadene stiller til oss. Superego, som vi kan sjå på som samvitet vårt, blir òg utvikla i løpet av barneåra. Superego er ein slags internalisert versjon av ideal, normer og forventningar som vi har overteke frå omgivnadene våre.

Det bevisste, det underbevisste og førbevisstheita

Eit isfjell der størsteparten av isfjellet er under vatn. Nedst står "Det underbevisste", "ikkje tilgjengeleg", seksuelle og aggressive drifter og "fortrengingar frå barndommen". I midten, like under havoverflata står det "Det førbevisste", "kan nåast" og "kunnskap og minner". Øvst, over havoverflata, står det "Det bevisste", "tilgjengeleg" og "tankar og kjensler her og no".
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein annan sentral tanke i psykoanalysen er at bevisstheita vår er delt inn i ulike “lag” eller nivå, som bevisstheit, underbevisstheit og det førbevisste. Bevisstheita di er det du har merksemda retta mot til kvar tid, medan kunnskap og minne som ligg like “under overflata” i bevisstheita di, og som vi lett kan hente fram i bevisstheita, blir kalla det førbevisste.

I motsetning til det bevisste og førbevisste er underbevisstheita ein del av psyken som vi ikkje har tilgang til, bortsett frå gjennom draumar og i terapi, gjennom såkalla fri assosiasjon.

Seksualitet og seksualdrift

For å forstå det ubevisste kan det vere nyttig å forstå ein annan av Freuds hovudtankar, nemleg at mennesket er styrt av éi sterk drift – seksualdrifta. Freud var overtydd om at seksualdrifta er eit så grunnleggjande trekk ved oss menneske, at ho pregar liva våre frå vi er nyfødde. Han meinte òg at mange psykiske vanskar og lidingar har opphavet sitt i korleis seksualiteten vår har blitt møtt av omgivnadene våre i oppveksten.

Betydninga frå barndommen

Ein katt ligg på ein divan. Han seier: "Eg blei skild frå mor mi som kattunge". Ein psykolog sit bak katten, lyttar og noterer.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Freud meinte at det vi opplever i barndommen, har ein veldig sterk innverknad på personlegdommen vår. Han gjekk langt i å hevde at barndommen bestemmer personlegdommen vår, også korleis liva våre som vaksne skal bli. I terapi var han derfor oppteken av at pasienten fekk kontakt med og blei bevisst minne frå barndommen, særleg minne som kunne vere fortrengde. At noko er fortrengt, betyr at det har blitt skove “ned” i det ubevisste, fordi det har vore for uakseptabelt og skremmande for egoet å halde fast i bevisstheita.

Psykoanalytisk terapi

Freud utvikla altså psykoanalysen som ein modell på menneske si psyke, og han utvikla han som ein metode for behandling av psykiske vanskar og lidingar. Den klassiske måten ei psykoanalytisk behandling går føre seg på, kan beskrivast slik: Pasienten kjem til samtalar med ein behandlar, gjerne ofte og over eit lengre tidsrom. Formålet med terapien er å få kontakt med det underbevisste og, indirekte, òg å få kontakt med det ubevisste. For å få kontakt med det ubevisste har ein innan psykoanalysen utvikla to metodar: fri assosiasjonteknikk og draumetyding.

Ein katt ligg på ein divan. Ein psykolog sit bak katten, lyttar og noterer.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fri assosiasjon

Fri assosiasjon handlar om at pasienten får presentert omgrep eller bilete og fritt skal fortelje kva han eller ho assosierer med desse. Ved å sjå på kva pasienten svarer, og kor lang responstid han eller ho har på å svare, meiner psykoanalytikarane at ein kan få kjennskap til ubevisste tankar og kjensler.

Draumetyding

Draumetyding er ein annan teknikk som blir brukt i psykoanalyse. Freud meinte at draumane har eit symbolsk innhald, og at vi i draumane våre har kontakt med ubevisste tankar og ønske. Ved å analysere draumane våre kan vi finne ut kva drifter, ønske og begjær som styrer oss ubevisst.

Viktig å leggje merke til er at Freud meinte at draumane ikkje gav oss konkrete svar på sinnet sine gåter. I staden ville svara vise seg symbolsk. Ein penis kunne blir forkledd som ein fyllepenn eller ein sigar, og typiske kvinnelege kroppsdelar kunne vise seg som runde former som eple, pærer og så vidare.

Ein mann ligg i senga og søv. Ei tankeboble med diverse symbol som banan, pære, slange, sverd og eple fyller øvste del av illustrasjonen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ødipuskomplekset

Det velkjende Ødipuskomplekset er lansert av Freud. Han meinte at gutar i ein viss alder (3–6 år) rivaliserer med faren om mors kjærleik. Dei kjenner eit hat mot far sin og har seksuelle bindingar til mora. Men i vaksen alder er denne rivaliseringa fortrengd. Freud kalla komplekset opp etter den greske myten om Ødipus, som handlar om unge Ødipus som drep sin eigen far og giftar seg med mor si.

Eit par går arm i arm i ei gate. Kvinna held ein ung gut i handa. Guten ser på paret. Det stig ei tankeboble opp, der vi ser at han skyt sin eigen far.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arven etter Freud

Freuds teoriar har møtt mykje motstand i tida etterpå, og mange moderne psykoanalytikarar har til dømes gått bort frå Freuds fokus på seksualdrifta som så styrande i mennesket sitt liv. Men mange av Freuds idéar har inspirert til vidare tenking om kva som driv og motiverer menneske til handling, og kva som kan skape psykiske konfliktar og vanskar.

Betydninga til psykoanalysen på 30-talet i Noreg

Fleire av dei radikale forfattarane under kulturkampen på 30-talet var òg sterkt inspirert av Freuds menneskesyn. Dei lét seg inspirere av Freuds fokus på den betydninga barndommen hadde for vaksenlivet, av tanken om at mennesket blir styrt av underbevisste og ubevisste tankar og kjensler og av idéen om at vi er drivne av ei seksualdrift som kan skape store problem om ho kjem i konflikt med kravet til omgivnadene. Dermed skreiv dei bøker som var sterkt prega av Freuds teoriar.

Relatert innhald

Prøv deg som psykoanalytisk detektiv. Klarer du å løyse mordgåta i Jante ved hjelp av Freuds teoriar?

CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 26.11.2021

Læringsressursar

Modernisme 1900–1945