Hopp til innhald

Fagstoff

Rolf Jacobsen

Den folkekjære modernisten Rolf Jacobsen (1907−1994) er rekna som ein av dei aller største lyrikarane i Noreg. Diktsamlingane hans er omsette til fleire språk. Jacobsen var oppteken av motsetnaden – og samanhengen – mellom natur og kultur.

Modernistisk litteratur er noko vi ofte tenkjer på som vanskeleg tilgjengelege tekstar, men lyrikken til Jacobsen er eit unnatak. Han er inkluderande og filosoferande, og han kjem inn på tema som identitet og røyndom i eit språk som når fram til mange.

Rolf Jacobsen vart fødd i Kristiania, men slo seg til slutt ned på Hamar, der han arbeidde som journalist og bokhandlar. Han debuterte i 1933 med diktsamlinga Jord og jern. I 1935 kom samlinga Vrimmel, men så skulle det gå 16 år til neste utgiving, Fjerntog (1951).

Jord og jern

Debutsamlinga til Jacobsen, Jord og jern, er sett saman av to delar. Den første delen omfattar ei rekkje utradisjonelle naturdikt, mens dikta i andre delen handlar om den moderne bykulturen. Underjordiske kloakksystem, telefonleidningar, kraftstasjonar, raske bilar og fly er like naturlege motiv for Jacobsen som skog, fjell, vatn, fuglar og måneskin.

Ingen kan høre telefonkablenes knitrende liv.
Ingen kan høre gassledningens syke hoste i avgrunnen.

Ingen kan høre kloakkene tordne med slam og stank
hundrede mil i mørke.
Byens jernkledde innvolder
arbeider.

I desse dikta står ikkje natur og moderne sivilisasjon i direkte motsetnad til kvarandre, noko også tittelen "Jord og jern" gir eit vink om. Begge verder finst, dei eksisterer ved sida av kvarandre, og menneska høyrer heime begge stader.

Enkelte dikt i Jord og jern formidlar ein sterk fascinasjon for den teknologiske utviklinga, men stort sett er Jacobsen meir tvisynt i skildringa si av moderne sivilisasjon: Sjølv om teknologien kan begeistre og gjere livet meir behageleg for oss, gir han ikkje noko svar på dei eksistensielle spørsmåla våre. Framsteget gjer oss heller ikkje meir lykkelege.

Natur og kultur

Gjennom heile forfattarskapen var Jacobsen oppteken av motsetnaden – og samanhengen – mellom natur og kultur. Men haldninga hans endra seg over tid. I Jord og jern teiknar Jacobsen stort sett eit positivt bilete av den teknologiske utviklinga. Ho framstår ikkje som ein kontrast til naturen, ho kjem i tillegg.

I samlinga Fjerntog, som kom ut i 1951, fokuserer han meir på naturen enn kulturen, og mot slutten av forfattarskapen er han meir kulturkritisk – her tematiserer han øydeleggingane som maskinar og sivilisasjon påfører naturen.

Diktet "Landskap med gravemaskiner" frå 1954 vert rekna som det første "grøne" diktet i Noreg. Her skildrar diktaren ein natur som er truga av teknologien. Det er naturen som betaler prisen for framsteget. Det er menneske som styrer maskinane, men dei er usynlege bak maskinane sine. Men dette vert ikkje sagt direkte i diktet. Slik kan lesaren få inntrykk av at den øydeleggjande utviklinga har sin eigen dynamikk, uavhengig av alt og alle. Ho kan ikkje stoppast.

De har blindede øyner og lenker om føttene.
De skal arbeide i århundrer og tygge blåklokkene
om til asfalt. Dekke dem med skyer av fet ekshaust
og kald sol fra projektører.

Meister over metaforane

Då Rolf Jacobsen debuterte først i 1930-åra, var samtidslyrikken dominert av ein pompøs og høgstemd tone. Motiva var ofte såkalla sentrallyriske – diktarane tematiserte dei evige spørsmåla om "livet, døden og kjærleiken". Lyrikken til Jacobsen baud på noko heilt anna. Orda han valde, var kvadagslege, enkle og direkte, og forma var fri.

Å skrive dikt utan rim og rytme var for så vidt ikkje noko nytt. Tida då slike "snakkedikt" provoserte og sjokkerte lesaren, var over. Likevel var det noko heilt nyskapande over diktinga til Jacobsen. I tillegg til det klare brottet med den pompøse tonen var det motiva og biletbruken som vekte oppsikt. Aldri hadde ein norsk lyrikar i så stor grad trekt den moderne verda inn i tekstane sine. Trikkar, bussar, telefonleidningar og kloakksystem – alt den moderne verda førte med seg av teknologiske nyvinningar, brukte Jacobsen i lyrikken sin.

Kontrastar og bilete

Jacobsen bruker ofte kontrastar i dikta sine – det er natur mot kultur, jord mot jarn. Men dei poetiske bileta byggjer bru over motsetnadene og skaper samanheng. Når Jacobsen til dømes samanliknar undergrunnsbanen med ein meitemark som åler seg rundt under jorda, set han saman natur og kultur. Han viser oss at både menneske, dyr og maskinar er del av den same røyndommen, den same verda.

Metaforane og symbola Jacobsen vel, er enkle, tydelege og kvardagslege. Mange av tekstane hans er dessutan komponerte på ein måte som minner om ein fortruleg samtale. Det er denne opne, inkluderande og likeframme stilen som har gjort Jacobsen til ein så folkekjær lyrikar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus og Anita Ramberg.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Modernisme 1900–1945