Hopp til innhald

Norsk (SF vg3)

Tekst i kontekst

Dikt, forteljingar og skodespel, men også saktekstar, gir oss innblikk i korleis menneske har levd, tenkt og følt til ulike tider. Leseopplevingar kan gjere oss glade, ettertenksame, triste eller sinte – og alltid litt klokare!

Modernisme

Modernisme er eit samleomgrep for ei rekkje ulike retningar og stilartar innanfor kunst, arkitektur, litteratur og musikk som har prega vestleg kultur frå rundt år 1900 og framover. Den modernistiske litteraturen eksperimenterer med form, og tekstane skildrar gjerne kjensla av å vere framandgjord.

Modernisme 1900–1945

Første halvdel av 1900-talet blir rekna som høgdepunktet til modernismen. Årsaka er at Europas mest kjende modernistar gav ut verk vi reknar som klassikarar i denne perioden. Typisk for modernismen er eksperimentering og tema som framandkjensle og individet sin plass i det moderne storbysamfunnet.

Læringsressursar

Modernisme 1900–1945