Hopp til innhald

Norsk (SF vg3)

Tekst i kontekst

Dikt, forteljingar og skodespel, men også saktekstar, gir oss innblikk i korleis menneske har levd, tenkt og følt til ulike tider. Leseopplevingar kan gjere oss glade, ettertenksame, triste eller sinte – og alltid litt klokare!

Modernisme

Modernisme er eit samleomgrep for ei rekkje ulike retningar og stilartar innanfor kunst, arkitektur, litteratur og musikk som har prega vestleg kultur frå rundt år 1900 og framover. Den modernistiske litteraturen eksperimenterer med form, og tekstane skildrar gjerne kjensla av å vere framandgjord.

Modernisme etter andre verdskrigen

I mellomkrigstida var det lite modernisme i Noreg. Men etter andre verdskrigen skreiv fleire norske forfattarar modernistisk. Tida var òg prega av den såkalla "tungetaledebatten", ein disputt mellom tradisjonalistiske og modernistiske forfattarar om kva som kjenneteiknar god litteratur.

Læringsressursar

Modernisme etter andre verdskrigen