Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

To angrep på modernismen

Etter andre verdskrigen valde mange forfattarar å skrive modernistisk. Dei eksperimenterte med både form og innhald. I løpet av 50- og 60-talet blei modernismen kritisert av Arnulf Øverland og Dag Solstad

Del 1. Øverland om modernistisk lyrikk

A. Jobb åleine

Du finn Øverlands tale "Tungetale fra Parnasset" i boka I beundring og forargelse på Nb.no. Les frå s. 227–230.

  1. Fortel med eigne ord kva Øverland meiner er gale med modernistisk kunst.

  2. Kva vil du seie er det viktigaste verkemiddelet Øverland bruker i angrepet sitt på modernistane? Kom med døme.

  3. Kva meiner Øverland er god dikting?

Fire kvinner framstilt i kubistisk stil. Måleri.

B. Jobb i grupper

  1. Samanlikn svara dykkar i del A.

  2. Sjå på biletet av Pikene fra Avignon av Pablo Picasso. Diskuter kva de trur Arnulf Øverland syntest om dette.

  3. Les Øverlands ord om Picassos kunst på s. 216–217 på Nb.no

  4. Er de einige i noko av kritikken til Arnulf Øverland?

Del 2. Dag Solstad om modernismen

Portrett av Dag Solstad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dag Solstad debuterte som modernistisk forfattar med novellesamlinga Spiraler i 1965. Men to år seinare hadde han skifta retning. I boka Svingstol sluttar han å skrive symbolsk. I staden skriv han enkle og kvardagslege tekstar.

Den første teksten i samlinga heiter "Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger". Han kan reknast for å vere eit litterært program for den vidare forfattarskapen til Solstad og eit oppgjer med modernismen.

Oppgjeret til Solstad er langt frå så direkte og enkelt å forstå som Øverlands. Klarer de å knekkje koden?

Ein kaffikjele. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

A. Jobb åleine

  1. Les kortprosateksten "Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger" (under).

  2. Var teksten vanskeleg å forstå? Ikkje fortvil! Du treng ikkje forstå alt, men kanskje du forstod noko? Skriv ned det du meiner er bodskapen i den korte teksten.

  3. Var det noko du absolutt ikkje forstod? Noter ned.

B. Jobb i grupper

  1. Diskuter svaret dykkar på oppgåve b) og c) over.

  2. Denne teksten er eit oppgjer med modernismen. Forstår de kva det er ved modernistisk litteratur Solstad kritiserer?

  3. Forstår de kva slags type litteratur Dag Solstad ønskjer å skrive?

  4. Gå vidare og les teksten "Språk", som kjem etter "Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger". Diskuter deretter korleis Dag Solstad fører tankane frå det litterære programmet sitt vidare i denne teksten.

Relatert innhald

Del 3. To angrep på modernismen samanfatta

Skriv ein tekst på ca. 300 ord utan å bruke hjelpemiddel. Målet er å formulere Øverland og Solstad sine tankar med eigne ord. I teksten din skal du svare på dette oppdraget:

  • Kva sider ved modernistisk kunst og litteratur kritisere Arnulf Øverland og Dag Solstad på 1950- og 60-talet? Kva meinte desse to at var god litteratur?

Relatert innhald

Sammenlikn "Trikkeskinnediktet" av Jan Erik Vold med "Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger" av Dag Solstad for å forstå profilmodernismen.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2022

Læringsressursar

Modernisme etter andre verdskrigen