Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Profilmodernismen

På 1960-talet debuterte ein yngre og meir leiken generasjon lyrikarar i Noreg. Dei såkalla profilmodernistane ville ta eit oppgjer med det dei såg på som ein symboltung og alvorsprega etterkrigslyrikk.
Portrett av forfattaren Jan Erik Vold

Profilmodernistane var ei gruppe venstreorienterte unge studentar, skribentar, forfattarar og intellektuelle som alle var tilknytta litteraturtidsskriftet Profil. I dette tidsskriftet publiserte dei både eigne tekstar, omsetjingar, intervju og litteraturteoretiske artiklar. Profil-forfattarane eksperimenterte med både prosa og lyrikk, og dei lanserte ei ny form for modernisme: profil-modernismen eller nyenkel dikting.

Profil-lyrikarane henta inspirasjon mellom anna frå austleg haikudikting, og dei skreiv dikt med kvardagslege og konkrete motiv. Språkleg lét dei seg inspirere av kvardagsspråk, sjargong, poptekstar og reklamespråk. Kjende profil-lyrikarar er Jan Erik Vold (1939–), Eldrid Lunden (1940–), Einar Økland (1940–) og Paal Helge Haugen (1945–).

Oppgåve 1. Haldninga "Trikkeskinnediktet" har til modernismen

Jan Erik Volds dikt "Trikkeskinnediktet" finn du i Mor Godhjertas glade versjon : ja (1968) på s. 22–23 på Nasjonalbiblioteket

Samanlikn Jan Erik Volds byskildring i ”Trikkeskinnediktet” og Rolf Jacobsens bydikt "Signaler" .

  • Korleis vil du karakterisere grunnstemninga i dei to tekstane? Finn nokre passande adjektiv til kvar tekst.

  • Dei fem første verselinjene kan sjåast på som ein kommentar til typisk modernistisk lyrikk. Korleis då? Og kva formidlar Jan Erik Volds dikt om kva som kjenneteiknar god lyrikk?

  • Kva slags haldningar til byen og bylivet formidlar tekstane?

Oppgåve 2. Jan Erik Vold og Dag Solstad

Kaffekjele. Svart-hvitt-illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forfattaren Dag Solstad sat saman med Jan Erik Vold i redaksjonen til tidsskriftet Profil. Omtrent samtidig som Vold skreiv "Trikkeskinnediktet", forfatta Solstad ein kort prosatekst med tittelen "Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger".

  1. Les teksten "Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger" og prøv å formulere det du meiner er bodskapen.

  2. Samanlikn temaet i "Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger" med "Trikkeskinnediktet".

Relatert innhald

Oppgåve 3. Forstår du prosjektet til profilmodernistane?

Samanfatt det du har jobba med i denne ressursen ved å skrive ein kort tekst der du reflekterer rundt dette:

  • Kva meinte profilmodernistane var gale med modernistisk litteratur?

  • Korleis ville profilmodernistane at litteraturen skulle vere?

  • Kva verkemiddel brukte dei for å få fram bodskapen sin.

Relatert innhald

Dag Solstads modernistiske novelle "Emigrantene" kan lesast som ein allegori. Kva kan det vere ein allegori over?

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus, Heidi Mobekk Solbakken og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2022

Læringsressursar

Modernisme etter andre verdskrigen