Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis samanlikne tekstar i kortsvar?

Kva skal til for å skrive eit godt kortsvar der du blir beden om å samanlikne tekstar? I denne ressursen vil du få både tips, oppgåver og ein modelltekst som kan hjelpe deg.
To figurar som held i kvar sitt taus og bevegar dei som i bølger. På det eine står det tekst 1, på den andre tekst 2. I bakgrunnen er det tre inndelingar merkt med innleiing, hovuddel og avslutning. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Les og diskuter oppgåva

Les både oppgåve- og vurderingsteksten under. Diskuter deretter i par:

  1. Forstår de kva oppgåva ber dykk om å gjere?

  2. Kva trur de kan bli vanskeleg å få til i denne oppgåva?

  3. Korleis vil de strukturere eit svar på ei slik oppgåve?

  4. Kva trur de er spesielt viktig å få til for å skrive eit godt svar på denne oppgåva?

Del 2: Les og diskuter vedlegga

A. Jobb åleine

  1. Les gjennom diktet "Signaler" av Rolf Jacobsen. Fortel med eigne ord kva du meiner er temaet i diktet.

  2. Gjer det same med Rudolf Nilsens dikt.

  3. Skriv ned alle likskapar og forskjellar du finn i tematikken i dei to dikta.

Ei jente og ein gut snakkar saman om notat. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

B. Diskuter i par

  1. Samanlikn svara dykkar. Diskuter deretter kva de ville ha skrive om de skulle ha samanlikna framstillinga av byen i dei to dikta.

  2. Oppgåva ber ikkje om ein fullstendig analyse av dikta, men i vurderingsteksten er det krav om "relevant og presis bruk av fagspråk". Det kan derfor vere lurt å ha med nokre relevante fagomgrep. Diskuter i para:

    1. Er dikta tradisjonelle eller moderne?

    2. Begge dikta er frå mellomkrigstida. Er det noko ved konteksten som kan forklare at dikta framstiller byen så ulikt?

    3. Kva vil de seie er det viktigaste verkemiddelet i kvart dikt? Bruk døme.

I plenum

Diskuter i klassen:

  1. Kva vil de legge vekt på når det skal skrive om framstillinga av byen i dikta?

  2. Kva meiner de er relevante fagomgrep å bruke når de skal svare på oppgåva?

  3. Korleis vil de strukturere svaret dykkar?

Elevar og lærarar i klasserom på vidaregåande skule. Læraren står framme ved tavla. Elevane sit gruppevis ved pultar, og éin elev rekker opp handa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Vedlegg:

"Signaler" av Rolf Jacobsen, 1933

"Midt i byen" av Rudolf Nilsen, 1929

Samanlikn korleis byen blir skildra i dei to vedlagde tekstane. Bruk døme frå tekstvedlegga i svaret ditt.

Skriv omtrent 300 ord.

Svaret ditt vil bli vurdert på følgande område: 

Tekstforståing:

- samanliknar tekstvedlegga på ein relevant måte og bruker døme

Språkføring og fagspråk:

- språket er gjennomgåande godt formulert, med variert ordtilfang

- relevant og presis bruk av fagspråk

Struktur:

- formålstenleg og variert setningsstruktur og god samanbinding mellom setningar

- tekstvedlegga blir samanlikna på ein oversiktleg måte 

Formelle ferdigheiter:

- det er gjennomgåande korrekt rettskriving og teiknsetting

Rolf Jacobsen og Rudolf Nilsen

Byen Lyon om natta. Ei bru er lyst opp av lysa i byen, og elva speglar seg i lysglansen. Bygningane rundt er gamle og ærverdige. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: Les eit godt svar på oppgåva

A. Jobb åleine

  1. Les svaret under. Skriv deretter ned minst tre punkt som gjer dette til eit godt svar.

  2. Korleis er teksten bygd opp? Prøv å finne ut om du kan sjå eit mønster i avsnittsoppbygginga i hovuddelen.

  3. Marker alle fagomgrepa i svaret.

Mennesket i byen

Dei to dikta "Midt i byen" (1929) av Rudolf Nilsen og "Signaler" (1933) av Rolf Jacobsen handlar om korleis det er å leve i byen. Men sjølv om dei er skrivne på nesten same tid, er framstillinga av bylivet ulik.

Dikta har på mange måtar likt motiv: Dei skildrar korleis eit menneske opplever byen. Tematikken er likevel ulik. Nilsen tematiserer gleda og fellesskapen i byen: "Byen, alltid byen, til jeg engang slukner brått". Jacobsen, derimot, skildrar byen som ein einsam stad.

Medan "Midt i byen" er eit tradisjonelt strofisk dikt, er "Signaler" eit moderne dikt med seks ujamne avsnitt. Den tradisjonelle forma i "Midt i byen" forsterkar tematikken fordi ho skaper ein fast rytme som speglar det harmoniske innhaldet. "Signaler", derimot, har korte verselinjer og setningane er oppstykka, noko som understrekar den stressa framstillinga av byen.

Eit påfallande trekk ved begge dikta er at dei har skildringar av bylydar. Desse lydlege elementa blir ofte skildra i besjelingar. Nilsen omtaler lydane som "byens stemme", medan Jacobsen skildrar sanseinntrykka som "bilhjulets smatt" og "melkevogners gniss".

Men det er først og fremst verdiladde ord som får oss til å oppfatte temaa i dikta ulikt. Jacobsen skriv om "pilende tog" og "larmende restauranter". Dei sterkast negativt lada orda er i det siste avsnittet: "ensom" og "gjaldende hånd", og det fargar oppfatninga av dikta samla sett. Heilt annleis skildrar stemma i Nilsen sitt dikt opplevinga si av byen: Hjartet "svinger frydefullt". Denne positive grunnhaldninga gjer at også besjelingane verkar positivt lada. Alle lydane i byen forsterkar nemleg kjensla av å høyre til for eg-et.

Kanskje kan målet til forfattarane forklare kvifor dei framstiller byen så ulikt? Nilsen ville vere arbeidarklassen sin diktar, og byen var heimen til arbeidarane. Dermed er det naturleg at han hyllar byen. Jacobsen var modernist, og som mange andre modernistar viser han dei negative sidene ved byen.

I par

  1. Samanlikn svara dykkar i førre oppgåve.

  2. Les gjennom tipsa og gå gjennom og diskuter oppgåvene i presentasjonen under.

Del 4: Kva har du lært?

Skriv fritt i fem minutt: Kva er det aller viktigaste du har lært no, og som du vil ta med deg til eksamen?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2022

Læringsressursar

Modernisme 1900–1945