Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Virginia Woolf: Til fyret

Romanen Til fyret (To the Lighthouse) av Virginia Woolf kom ut i 1927. Han handlar om familien Ramsay og nokre personar som besøkjer dei på sommarhuset deira på Isle of Skye. Hendingane i boka strekkjer seg over ein tiårsperiode, frå 1910 til 1920.
Portrett av forfattaren Virginia Woolf. Foto

Det er lite handling og dialog i boka, ho gir oss for det meste tankane og observasjonane til hovudkarakterane. Dei to viktigaste karakterane er fru Ramsey og Lily Briscoe, som er biletkunstnar og gjest hos familien Ramsey.

Oppgåve 1

Sjå ein video om forfattarskapen til Virginia Woolf

I NRK-programmet Lesekunst 8 (nedanfor) får du høyre om tre modernistiske romanforfattarar, mellom anna Virginia Woolf. Ho er den andre forfattaren i rekkja som blir presentert. Du får vite meir om

  • to romanar av Woolf, Til fyret og Mrs. Dalloway

  • livet og forfattarskapen hennar

  • kva ho oppfatta som oppgåva til forfattaren

  • modernistiske trekk ved romanane hennar

Du kan løyse oppgåvene to til fire også utan å ha sett programmet – men jobben din blir ganske sikkert enklare om du tek denne vesle "omvegen".

Oppgåve 2

Virginia Woolf: Til fyret (1927)

Les kapittel 1 i boka.

  1. Lag eit kort resymé av handlinga i kapittel 1. Kva skjer?

  2. Korleis er fordelinga mellom ytre handling og medvitsstraum (tankeskildring) i kapitlet?

  3. Virginia Woolf har uttalt at målet hennar som forfattar er å "undersøkje ein augeblink i eit vanleg medvit på ein vanleg dag". Korleis stemmer dette med utdraget frå Til Fyret som du no har lese?

  4. Både Joyce og Woolf ønskte å skrive ein så realistisk litteratur som mogleg. Kva er det desse to forfattarane la i omgrepet realistisk?

Oppgåve 3

Komposisjon, forteljarteknikk og personskildring

Nærles kapittel 1 av romanen Til fyret.

  1. Kva slags opning har romanen?

  2. Synsvinkelen skifter mellom ulike personar. Kva for personar har synsvinkelen etter tur i kapittel 1?

  3. Kva person har synsvinkelen i det meste av kapitlet?

  4. Kva slags inntrykk av denne personen får du gjennom det du les? Kva får du vite om alder og utsjånad, kva for haldningar og eigenskapar hos personen kan du slutte deg til?

  5. Woolf bruker ei rekkje syntaktiske verkemiddel som seinkar tempoet i handlinga og som forsterkar inntrykket av meir eller mindre springande tankar og assosiasjonar hos karakterane. Slike verkemiddel er for eksempel parentesuttrykk, oppramsingar og utdjupingar. Setningane kan dessutan være lange, med opptil fleire leddsetningar og innskotne ledd. Finn eksempel på denne typen syntaktiske verkemiddel i teksten.

Oppgåve 4

Skriv sjølv

Prøv deg som modernist! Skriv ein kort tekst der du bruker stream of consiousness-teknikken. Du skal skildre tankane til ein person på ein slik måte at lesaren kan slutte seg til ein eller fleire eigenskapar ved denne personen. Vel fritt om du vil skrive i første eller tredje person.

Relatert innhald

Perioden etter første verdskrigen fram til 1930 blir kalla for høgmodernismen. Emnet tek for seg modernistisk litteratur i første halvdel av 1900-talet.

Prøv å skrive om ein scene frå kortfilmen "De hensynsløse" slik modernisten Virginia Woolf ville gjort det.

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus og Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Modernisme 1900–1945