Hopp til innhald

Kortfilm

Første skudd

Vegen frå å setje første skotet med heroin til å bli avhengig er kort. I denne filmen fortel fleire unge om første gongen dei prøvde heroin, og om korleis dette har påverka liva deira.

Om filmen

I denne korte dokumentarfilmen fortel unge rusavhengige om det første skotet deira med heroin.

Fleire av dei hadde bestemt seg for at dei aldri skulle røre sprøyter, men ein dag gjorde dei det likevel.

Ei av jentene i filmen var langt nede og hadde kjærleikssorg, ei anna jente ville berre prøve alt. Fleire av dei fortel at dei fekk stoffet av venner som rusa seg.

I byrjinga tok dei heroin sjeldan, men det gjekk ikkje lang tid før dei måtte ha stoffet fleire gonger dagleg.

Kvardagen som ung narkoman er hard og brutal, og det aller meste dreier seg om å få tak i neste dose. Fleire av dei vi møter i filmen ønsker å slutte med heroin, og dei drøymer om eit anna liv.

Ver merksam på at filmen viser fleire nærbilete av sprøyter som blir injiserte, og av sår og skader dei unge i filmen har fått etter fleire år med tung rusbruk.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 20.10.2022

Læringsressursar

Helse