Hopp til innhald

Fagstoff

Tidleg gresk sivilisasjon

Den greske antikken oppsto med danninga av bystatar (Polis) for nesten 3000 år sidan og varte i rundt 1000 år til Hellas blei ein del av Romarriket. Men også lenge før dette har det vore sivilisasjonar i dagens Hellas.
Ruinar etter eit palass. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forløparar til den greske antikken

Palasskulturane

Dei første sivilisasjonane vi kjenner i Europa, er palasskulturane på Kreta frå ca. 2000 f.Kr., og litt seinare i Mykene. Dei var byrjinga til kulturen som utvikla seg i dei greske bystatane i antikken.

Seinare fortalde grekarane mange gamle forteljingar frå Kreta, men det er vanskeleg å vite kva som er historisk korrekt i desse forteljingane. Difor vert mykje av det vi kan lese om Kreta i denne perioden rekna til mytologien.

Statue av Theseus som avliver minotauren. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mørk tidsalder

Omtrent 800 år etter at palasskulturen oppstod på Kreta, vart den borte. Vi veit ikkje kvifor. Perioden 1.200-800 f.Kr. er ein “mørk tidsalder”, i den forstand at vi veit lite om kva som skjedde då. Det vi veit er at mange menneske var på vandring i Europa. I denne perioden vart mange av dei greske øyane busette.

Polis

Bystaten, eller Polis, er eit viktig trekk når dei greske samfunna igjen vert synlege i historia. Folk som budde i nær kvarandre, måtte forsvare seg mot ytre fiendar. Det gjorde dei ved å busetje seg samla, og nær eit fjell eller ein ås. Den kunne dei flykte opp på om dei vart angripne, og derifrå kunne dei forsvare seg mot angriparane. Grensene for den antikke polis gjekk ofte rundt ein festning kalla akropolis, og polis hadde eit agora, vanlegvis eit eller fleire tempel og eit gymnasium.

Gresk tempel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein av dei tidlegaste polisane vi finn spor av, var Smyrna på kysten av det som i dag er Tyrkia. Der bygde dei ein bymur ca. år 850 f.Kr. - eit klart teikn på at dei som budde der oppfatta seg som eit fellesskap som forsvarte seg saman.

Aristokratane

Før polisar vart vanleg, hadde det vore dei rikaste familiane, aristokratane, som bestemte. Det oppstod ofte maktkamp mellom ulike familiar. Nokre gonger fekk ein aristokrat makt ved å få støtte i befolkninga. For å få støtte måtte han love befolkninga godar, som eit nytt tempel, jordreform eller nye vassforsyningar. Han vart kalla ein “tyrann”. Tyrannane var ikkje alltid rettferdige, men tyrannane var viktige, for dei var med på å øydelegge aristokratane sitt maktmonopol. Dermed kunne polisane utvikle seg mot meir folkestyring. Avleidde norske ord av «polis» er politikk og politi.

Dei tidlege greske polisane var med andre ord samfunn der den politiske makta skifta, og der befolkninga spelte ei rolle i maktskifta. Dermed var det grunnlag for dei demokratiske styreformene som vaks fram i mange av bystatane.

Du er ein barbar!

Visste du at grekarane delte menneska inn i grekarar og barbarar? Har omgrepet barbar samme tyding i dag?

Relatert innhald

Dei greske polisane var stadig i krig. Dei trengde soldatar, og det var med på å presse fram borgarrettar og demokrati mange stadar.

Greske bystatar vart kalla polis. Det var over 600 av dei, og dei var ganske forskjellige. Men dei fleste polisar hadde likevel ein del felles trekk.

CC BY-SASkrive av Magnus Sandberg. Rettshavar: Sandberg KANALT
Sist fagleg oppdatert 23.09.2020

Læringsressursar

Antikken