Hopp til innhald

Fagstoff

Vest-Romarriket fell

Omtrent hundre år etter Kristus og litt over åtti år etter keisar Augustus' død, nådde Romarriket si største utstrekning. Men frå 200-talet begynte presset mot grensene å auke.
Staute menn i klede frå romartida i ein høgtideleg seremoni. Det er mykje symboltungt utstyr til stades.  Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Økonomiske problem

Dei som pressa på, var Germanske stammar som trua grensene til Romerriket. Men det dreidde seg ikkje alltid om invasjon frå ein framand hær. Mange germanarar hadde jobba som leigesoldatar i den romerske hæren. Då økonomien var for dårleg til å betale soldatane, støtta dei gjerne sin eigen general og hylla han som sin keisar. Dermed vart 300-talet i Romarriket prega av ei rad kortvarige periodar med ulike "soldatkeisarar" og krigar mellom keisarkandidatar.

Men bak denne situasjonen låg det altså økonomiske problem. Ei viktig årsak til desse problema var at Romarrikets ekspansjon hadde stoppa. Romarriket hadde alltid finansiert soldatane sine med ressursar frå områda dei hadde hærteke. Desse ressursane hadde også danna grunnlaget for mykje av handelsnæringa i dei store byane.

Konsekvensar av dei urolege tidene

Då erobringane stoppa, måtte dei militære utgiftene finansierast på andre måtar. Dei romerske styresmaktene prøvde å skattlegge borgarane hardare. Men det viste seg ikkje å vere mykje å hente der heller. På landsbygda hadde dei urolege tidene med krig og plyndring svekka jordbruksproduksjonen. Og skattlegging av byborgarane førte til at stadig fleire av dei drog frå byane, som uansett mista mykje av funksjonen dei hadde ettersom handelen stoppa opp.

Rike borgarar som drog frå byen, etablerte gjerne store gods på landsbygda. Dei hadde ofte ein eigen privat vaktstyrke, sidan den romerske hæren ikkje lenger kunne halde oppe lov og orden. På denne måten la dei noko av grunnlaget for det som seinare skulle utvikle seg til kongar og kronvasallar i føydalsystemet i mellomalderen.

Eit splitta rike

I år 330 e.Kr. etablerte keisar Konstantin ein ny hovudstad, Konstantinopel, og tretti år seinare vart Romarriket splitta i to. Roma vart hovudstad for Vest-Romarriket, medan Konstantinopel vart hovudstad for Aust-Romarriket.

Seinantikken

Perioden frå ca. 200–500 e.Kr. vert kalla seinantikken. I historiebøkene er det vanleg å trekke fram "Romarrikets fall" som det viktigaste, ofte det einaste, kjenneteiknet ved denne perioden. Dette omgrepet vart funne opp av den britiske historikaren Edward Gibbon på slutten av 1700-talet, og har forma menneske si historieforståing i 200 år.

I dag er ikkje alle einig i denne forklaringa. Etter andre verdskrigen har det vakse fram ein fagtradisjon som ser på seinantikken som ein interessant vekstperiode. Rett nok forvitra kultur og samfunnsstrukturar i keisarriket, med dei vart erstatta av ein ny kultur og nye strukturar. Og det nye som kom, skulle utvikle seg og prege Europas historie i dei neste 1000 åra.

Slik kan ein ofte sjå på periodar med brot i historia; ein kan rette søkelyset mot "fallet", altså det gamle som blir øydelagt og blir bortre, eller ein kan fokusere på det nye som veks fram. Kva fokus ein vel, blir ofte styrande for om ein tenker på ein periode som negativ eller positiv.

Relatert innhald

Det siste hundreåret før vår tidsrekning var då hærføraren Julius Cæsar kom tilbake til Roma som ein helt, etter å ha lagt heile Gallia under seg.

CC BY-SASkrive av Magnus Sandberg. Rettshavar: Sandberg KANALT
Sist fagleg oppdatert 20.09.2017

Læringsressursar

Antikken