Hopp til innhald

Fagstoff

Romarriket: Frå polis til imperium

"Romulus si hytte" på Palatinhøgda i Roma er ikkje spesielt imponerande. For arkeologane er ho likevel viktig. Den er det første sporet av romersk busetjing i det som skulle bli hovudstaden i eit mektig tusenårsrike.
Ruiner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hytta er frå det åttande hundreåret f.Kr., altså omtrent samstundes som dei greske bystatane begynte å vekse fram.

Seinare romerske bygningar, som Colosseum og Pantheon er langt meir imponerande. Dei blei bygde over 800 år etter hytta til Romulus. Utviklinga frå den vesle hytta til dei imponerande byggverka som hundretusenvis av turister kjem for å sjå på kvart år, viser utviklinga av eit av dei mektigaste rika i verdshistoria. Det som starta som ein liten landsby, vaks til eit .

Republikken

Når det gjeld romarane si tidlegaste historie, er det vanskeleg å skilje mytar frå fakta. Men dei som levde i den vesle hytta på Palatinhøgda, blei truleg styrde av ein framand konge. Dei første spora av romarane finn vi nemleg i eit område som var dominert av eit anna folk: . Difor var det eit historisk brot då romarane avsette den siste kongen, og etablerte i år 509 f.Kr.

Men revolusjonen førte ikkje til eit system der alle romerske borgarar fekk like mykje innverknad. Dei gamle aristokratiske familiane heldt fram med å ha stor innverknad på staten. Republikken si tidlege historie blei prega av ei konflikt som blir kalla “stender- kampane”, der folkefleirtalet, plebeiarane, måtte slost for politiske rettar og medverknad. Den rike overklassen, kalla patrisiarar, måtte gå med på å gradvis opne for at fleire skulle bli representert og få høve til å påverke systemet. Den romerske republikken heldt likevel fram med å vere styrt av relativt få. Vi kallar det gjerne eit fåmannsvelde, eller oligarki.

Folket og politikken

Ei årsak til at republikken blei framstilt som eit oligarki, er Senatet si makt. Senatet si oppgåve var eigentleg å gi råd til folkeforsamlinga. I praksis var det som regel Senatet som fortalde folkeforsamlinga kva dei skulle bestemme. Senatorane kom frå dei rikaste og mektigaste familiane i Roma, og få våga å gå mot råd frå senatet.

Vi har vore inne på kor viktige dei rike adelsslektene var, og for dei fleste var truleg familien ein viktigare institusjon enn det politiske systemet. Familiefaren, pater familias, hadde dømmande makt over familien sin og var ansvarleg for religiøse seremoniar for husgudane. Nokre historikarar meiner at det eksisterte ein familie-liknande relasjon i politikken også: rike borgarar tok fattigare borgarar “under vengene sine”, som ein far. Til gjengjeld stemte dei fattige på sin “beskyttar”. Det blir kalla eit patron-klient-system. Kanskje blei oligarkiet halde oppe på denne måten? I dag ser vi på slike bindingar som øydeleggande for eit demokratisk system.

Trass i det ein kan kalle eit demokratisk underskot, ser det romerske systemet ut til å ha vore effektivt på andre måtar. Det såg ein spesielt på slagmarka. Gjennom mange krigar ekspanderte den romerske republikken raskt. På 200-talet f.Kr. kontrollerte romarane heile Italia, og utvidinga heldt fram i alle himmelretningar.

Animasjon som viser hvordan Romerriket vokste, ble delt og gikk under. Animasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Borgarrett

Borgarrett er ein nøkkel når vi skal forstå korleis polisen Roma utvikla seg frå bystat til imperium. I dei greske polisane måtte ein mellom anna eige jord for å vere ein borgar.

I Romarriket gjekk dei bort frå dette kravet da dei begynte å ekspandere. Romarane delte ut borgarstatus som ein måte å bygge alliansar på. Soldatar utan jord opparbeidde seg også borgarrett. Dermed fekk ein etterkvart mange eigedomslause borgarar. Frå 200-talet f.Kr. fekk alle frie menn borgarrett.

Det har vore forskjellige typar borgarrett i Romarriket, men stort sett har borgarretten gitt politiske rettar, økonomiske fordelar og vern av det romerske rettssystemet.

Relatert innhald

Animasjon: For to tusen år sidan var Roma sentrum for eit av dei mektigaste imperia verda har sett. Korleis var dette mogleg?

Det siste hundreåret før vår tidsrekning var då hærføraren Julius Cæsar kom tilbake til Roma som ein helt, etter å ha lagt heile Gallia under seg.

CC BY-SASkrive av Magnus Sandberg. Rettshavar: Sandberg KANALT
Sist fagleg oppdatert 15.09.2017

Læringsressursar

Antikken