Hopp til innhald

Fagstoff

Keisartida

Det siste hundreåret før vår tidsrekning er dramatisk, og kanskje det folk kjenner best frå Romerriket si lange historie. Det var då hærføraren Julius Cæsar kom tilbake til Roma som ein helt, etter å ha lagt heile Gallia under seg.
Modell av Kapitol i Roma under Romerriket. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå republikk til keisardøme

Cæsar si karriere viser at politikk og krig var i nær slekt. I år 60 f.Kr. vart han vald som den eine av to konsular. Konsulane var valde for eit år, og skulle bestemme mykje i fellesskap. Men saman med venene sine Pompeius og Crassus (samarbeidet mellom dei tre vert omtala som «det første triumvirat») skremde Cæsar den andre konsulen, slik at han gøymde seg heime heile året.

Etter å ha vore konsul, vart Cæsar guvernør i provinsar langs grensa til Romarriket i nord, og derifrå starta han ein åtte år lang krig der han fekk kontroll over det som vart kalla Gallia. Pompeius, som no var leiar i Senatet, og tidlegare alliert, prøvde å stogge han då han kom heim som ein sigrande hærførar. Cæsar sin kamp mot, og siger over Pompeius og hans allierte, er dramatisk historie som er vel verd å setje seg inn

I år 46 f.Kr. vart Cæsar innsett som konsul (igjen) for eit år, og som diktator for ti. Men han vart drepen i senatet år 44 f.Kr., av tolv senatorar som hevda at dei forsvarte republikken. I maktkampen som følgde kom Cæsar sin adoptivson Oktavian, sigrande ut. Han tok namnet Cæsar Augustus, og vart den første keisaren i Romarriket (ordet “Keisar” er avleidd av “Cæsar”). Etter fem hundre år med det romarane sjølv kalla demokrati, medan det i realiteten var eit fåmannsvelde eller oligarki, sat det altså igjen ein enkelt person på toppen av det politiske systemet.

Attentatet på Julius Cæsar. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Folketribun

Keisar Augustus forstod at det ikkje var klokt å proklamere seg som eineherskar. Difor let han dei gamle institusjonane halde fram. Han gjorde seg til folketribun, den som representerte folket, og princeps senatus, den som hadde rett til å tale først i senatet. Likevel visste både han og alle andre at makta låg hjå han. Etter eit hundreår med borgarkrig og maktkamp i Romarriket, vart Augustus si keisartid prega av ro og vekst. Han erklærte den store romarfreden, pax romana, i heile riket. Velstanden vart spesielt synleg i sjølve Roma. Augustus skal sjølv ha sagt at “eg kom til ein by av murstein, og forlèt ein by av marmor”. Romarfreden varte i 200 år, og riket vart styrt av keisarar til det fall, meir enn 400 år etter keisar Augustus.

Før Kristus - etter Kristus

Augustus si keisartid strekte seg frå 27 f.Kr. til 14 e.Kr. Det var med andre ord i hans tid at eit gutebarn skal ha blitt fødd i Betlehem, og det som skjedde vidare med livet og bodskapen hans har vore svært viktig for millionar av menneske og for historia sin gang heilt fram til i dag. Jesus ein av 25 profetar som blir nemnde i Koranen, og ifølgje dei kristne evangelia er han Guds son, frelsaren. Dette er religiøse påstandar, ikkje vitskaplege, men historikarar ser det som sannsynleg at personen Jesus har eksistert.

Kristendomen som religion spreidde seg i Romarriket gjennom dei første tre hundreåra e.Kr. Kristendommen hadde ein radikal bodskap om at alle menneske var like mykje verd, og at den ikkje godtok andre gudar enn den eine. Dette må ha vore ein skremmande bodskap for folk i maktposisjonar. I periodar vart kristendommen forboden og dei kristne vart forfølgde, særleg under keisar Nero og keisar Diokletian. På starten av 300-talet e.Kr., kom likevel den første kristne keisaren til makta. Keisar Konstantin meinte at han hadde fått hjelp av Jesus til å vinne eit avgjerande slag, og vedkjende seg til den kristne gud.

Relatert innhald

Omtrent hundre år etter Kristus og litt over åtti år etter keisar Augustus' død, nådde Romarriket si største utstrekning.

"Romulus si hytte" på Palatinhøgda i Roma, er det første sporet av romersk busetjing i det som skulle bli hovudstaden i eit mektig tusenårsrike.

CC BY-SASkrive av Magnus Sandberg. Rettshavar: Sandberg KANALT
Sist fagleg oppdatert 12.09.2017

Læringsressursar

Antikken